Lasagne med squashblomst #tastetwist

Lasagne med squashblomst i samarbeid med Apetina

   lasagne med vri  lasagne med vri oppskrift

Den tradisjonelle lasagnen men med ein frisk og sunn vri der lasagneplatene er bytta ut med tynne skiver av squash. Squashen er rulla saman som ein dekorativ blomst, med deilig ostesaus over og gratinert i omnen.

Denne oppskrifta kickstartar Apetina sin konkurranse som handlar om å lage din eigen vri på ein klassikar -der du kan vere med og vinne flotte premiar!

lasagne med vri oppskrift

Det er slik at Apetina kårar ein vinnar kvar månad og no i april har du sjansen til å vinne den ikoniske kjøkkenmaskina fra Kitchen Aid!

taste-twist-prize

For å delta gjer du som følger:

  1. Lag din eigen vri på ein tradisjonell rett og del den på Instagram med emneknaggen #tastetwist.
  2. Stem fram din favoritt på Apetina sine konkurransesider!
lasagne med squashblomst lasagne med squashblomst

Lasagne med squashblomst: ekstra stas å få sin eigen lille porsjon, og så dekorativt å sette på bordet!

Dersom du blei freista til å lage min versjon av #tastetwist finn du mi oppskrift og framgongsmåte her på Apetina sine sider.

squash lasagne

La deg inspirere og lag din favoritt med ein heilt ny vri!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.