Sponsa

Speltsveler

Speltsveler i samarbeid med Tine – Kefir
/annonse/

speltsveler

Sveler er deilig kaffimat og har lange tradisjonar her på Sunnmøre. På ferjetur er det obligatorisk, og på dugnad eller marknadsbord kan du vere sikker på å finne eit populært fat med sveler.

Det enklaste er å steike på ei takke, då kan du steike mange i gongen, men det går fint å bruke ei steikepanne om du ikkje har ei ståande.

Speltsveler er ein deilig variant med spelt som er mildare for magen og deilig kokosblomstsukker som er proppa med vitaminar og mineralar i tillegg til å vere med på å gi ein nydeleg smak.

Nyt svelene med smør og sukker, eller smør og brunost, og ein god kopp kaffi.

sveler med spelt

Til ca 20 speltsveler:

  • 5 egg
  • 2 dl kokosblomstsukker
  • 1 l kefir
  • ca 9 dl speltmjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts hjortesalt
  • 1 ts vaniljesukker
  •  50 g smør + ekstra til steiking
sveler med spelt

Slik gjer du:

  1. Smelt smøret.
  2. Visp egg, sukker, vaniljesukker, natron og hjortesalt lett saman.
  3. Bland inn kefirmjølka.
  4. Bland inn speltmjølet.
  5. Bland inn smøret.
  6. La røra svelle i 20 min under eit kjøkkenhåndkle.
  7. Røra skal vere tjukkare enn ei vaffelrøre, men framleis så rennande at den flyt uttover når du har den på steiketakka. Kanskje må du justere med mjøl for å få den akkurat passse.
  8. Varm steiketakka og smør godt med smør.
  9. Steik på middels høg varme, til svelene blir gylne på begge sider. Kanskje må du justere temperaturen på takka undervegs, dette varierer frå takke til takke.
  10. Avkjøl svelene på rist og server lunkne med smør og sukker, eller smør og brunost.
speltsveler

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samarbeid med Tine – Kefir.

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Tine Kefir

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.