Kylling i spicy appelsinsaus

kylling sriracha

Kylling i spicy appelsinsaus er deilig spicy, søt og syrleg. Du kan variere kor sterk du vil ha sausen avhengig av kor mykje sriracha eller samabal oelek du har i, men litt sting må det vere!

Sriracha er ein litt meir tyntflytane hot chilisaus frå Thailand enn den indonesiske sambal oelek som har blitt vanleg å finne i butikkane i Norge. Sriracha blei spådd å bli ein av dei store mattrendane i 2016, så det er berre å bli kjend med denne sausen først som sist!

Eg trudde dette var noko eg måtte kjøpe med meg frå Oslo, men plutseleg fann eg Sriracha på Kiwi her, og det gjer jo ein matbloggar i distriktet ekstra glad!

asiatisk kylling

La gjerne kyllingen marinere over natta, så får smakane verkeleg sett seg, eller la kyllingen stå på kjøkkenbenken og marinere seg om du ikkje har planlagt middagen på førehand.

kylling i appelsin saus

Kylling i spicy appelsinsaus til 3-4 personar:

    • ca 600 g kyllingfilet
    • 1 ss maizena
    • 1 ss kaldt vatn
    • 3-4 vårløk
    • 2-3 ss sesamfrø

Appelsinsaus:

  • 2-3 dl appelsinjuice
  • 0,5 dl soyasaus
  • 2 ss finhakka ingefærrot
  • 2 fedd finhakka kvitløk
  • 2 ss nøytral olje
  • 2 ss sriracha (eller sambal oelek)
  • 1 ss kokosblomstsukker (eller brunt sukker)
  • 1 ss eplecidereddik
  • 2 ts appelsinzest/appelsinskall
  • 1/4 ts kvit peppar
kylling i spicy appelsinsaus

Slik gjer du:

  1. Rør saman appelsinsausen. Bruk gjerne friske appelsinar og klem ut juicen av dei, eller ei blanding av det og god appelsinjuice. Vask appelsinane godt før du riv skalet for å få appelsinzest, og prøv å ikkje få med det bitre kvite skalet.
  2. Del opp kyllingen i mindre bitar.
  3. Mariner kyllingen i 1/3 av appelsinsausen, set til sides dei resterande 2/3.
  4. La gjerne kyllingen marinere i kjøleskapet over natta, eller helst minst ein time.
  5. Ta kyllingen ut av marinaden og steik den. La den bli godt bruna slik at du får den gode karamelliserte smaken. Legg til sides.
  6. Hell dei siste 2/3 av marinaden i steikepanna. Rør ut maizena i kaldt vatn og hell i sausen. Kok opp og la småkoke i 2-3 minutt.
  7. Ha kyllingen i sausen, la den trekke i 2-3 minutt.
  8. Server kylling med vårløk og sesamfrø på toppen, gjerne med kok jasminris til.

 

kylling i appelsinsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.