Vafler med smak av kardemomme

Vafler med smak av kardemomme er deilige vaflar laga av speltmjøl og tilsett god smak av kardemomme. Har du ikkje speltmjøl kan du bytte ut og bruke akkurat samme mengde kveitemjøl -det går også fint. Eg likar alltid å nytte spelt når eg kan, sidan speltmjølet skal vere mildare for magen enn vanleg kveitemjøl. Men alt med måte her også:)

Spelt-vaffel med smak av kardemomme

Vafler med smak av kardemomme

Kardemomme er krydderet som smakar nydeleg i gjærbakst, men som er minst like godt i vaflar spør du meg. Hugs litt ekstra smør til å smøre jarnet mellom kvar gong, avhengig av korleis jarnet ditt er, så slepp du at vaflene sit fast i jarnet.

Desse vaflene passar fint som eit lite mellommåltid eller som ein liten snack når du vil glede dei rundt deg. Server med rømme, syltetøy og brunost til.

Vafler med smak av kardemomme Spelt-vaffel med smak av kardemomme

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: @kvardagsmat for meir matglede og matinspirasjon i kvardagen. Lagar du noko frå bloggen blir eg alltid glad for å høyre frå deg, og har du ei knakande god oppskrift som du gjerne vil dele tek eg alltid i mot gode tips og råd:)

Oppskrift på Vafler med smak av kardemomme

12 plater / 4-5 porsjonar / Tid: 30 min

  • 4 dl fint speltmjøl
  • 3 ss sukker
  • 1 ts bakepulver
  • ¼ ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 5-6 dl h-mjølk
  • 2 ss rømme
  • 4 egg
  • 50 g smelta smør
  1. Smelt smøret.

  2. Bland alt det tørre i ein bolle.

  3. Rør inn halvparten av mjølka, slik at det blir ei røre utan klumpar.

  4. Ha i resten av mjølka.

  5. Pisk egga lett saman og ha dei i.

  6. Tilset det smelta smøret og rømma.

  7. La røra kvile i eit kvarter.

  8. Steik gylne i varmt vaffeljarn smurt med smør, og server med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.