Kanelsnurr med sjokoladesaus

swedish cinnamon

Kanelsnurr med sjokoladesaus er deilig klissete og søte bollar som anten kan serverast som dei er eller med litt reve appelisinskal på toppen. Appelsin og sjokolade funkar veldig godt i lag, og passar ekstra godt no når appelsinene er på sitt beste.

Har du snurrar til overs kan du legge dei i frysaren og varme dei litt i omnen ein dag du får lyst på noko godt. Sjokoladesausen held seg også i lang tid, og kan stå klar bakerst i kjøleskapet. Litt lunk på den også og så er det berre å helle over og nyte søte sjokoladetrekte kanelsnurrar i godt lag:)

kanelsnurr med sjokoladesaus

Kanelsnurr med sjokoladesaus:

  • 950 g kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • Mjukt smør
  • Kanel
  • Sukker

+ 1 egg til pensling

Sjokoladesaus:

  • 2 dl sukker
  • 1 dl kakao
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ss smør
  • 2 ss sirup (både lys og fin går fint)
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 klype salt

+ Skall frå 1 appelsin til pynt

kanelsnurr med sjokoladesaus

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
  5. Rull saman til ei lang pølse og del opp i 1 cm tjukke skiver med ein skarp kniv.
  6. Legg på bakepapirkledd steikebrett eller legg ein og ein i kvar sin muffinsform. Brett muffinsformen litt uttover i tilfelle.
  7. La etterheve i 30-60 min.
  8. Set steikeomnen på 180-200 grader.
  9. Pensle med eit samavispa egg og steik i 15-17 min.
  10. Avkjøl på rist.
kanelsnurr

Sjokoladesaus:

  1. Ha alt i ei kasserolle og varm opp under omrøring til alt er smelta og du har ein jamn saus.
  2. La avkjøle litt så den blir litt tjukkare (blir den for stiv er det berre å varme opp igjen).

Aus sjokolade over kanelbollane og riv appelsinskall over før servering. Sjokoladesausen held seg lenge i eit tett glas i kjøleskapet, og er fin å ha over is og kaker.

kanelsnurr med sjokoladesaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.