Panna Cotta med appelsin og Daimkuler

panna cotta med appelsin og daim

Panna Cotta med appelsin og Daimkuler er ein ny versjon av den nydelege italienske desserten. Panna Cotta tyder kokt fløyte, og det er akkurat det du gjer når du skal lage denne enkle godisen.

Du varmar opp fløyta til den nesten kokar, har i gelatin og let det står i kjøleskapet til det er stivt. Fint å gjere kvelden før du skal ha gjestar eller noko godt å servere etter middag, og så lagar du til sausen som skal på toppen rett før servering.

Denne versjonen har fersk appelsinjuice, litt fruktkjøt og knasande Daimkuler til topping, ein versjon som passar ekstra godt til påsketidene.

panna cotta med appelsin og daimkuler

Panna Cotta med appelsin og Daimkuler til 4 personar:

  • 4 dl kremfløyte
  • 3 ss sukker eller kokosblomstsukker
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 3 plater gelatin

Topping:

  • 3 appelsiner (+ skall frå den eine)
  • 1 ss sukker eller kokosblomstsukker
  • 1/2 sitron (kan sløyfast, smak om appelsinene er syrlege)
  • 4 ss Daimkuler
fersk appelsinjuice appelsin daim

Slik gjer du:

Pana Cotta:

  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i ti min.
  2. Ha kremfløyte, sukker og vaniljesukker i ei lita kasserolle og varm opp på middels varme under omrøring til det nesten kokar.
  3. Trekk kasserolla til side, knip ut vatnet frå gelatinplatene og rør desse inn i fløyteblandinga.
  4. La avkjøle litt før du fordeler i fire små glas.
  5. Set i kjøleskap i ca 3 timar eller over natta, til det er stivna.
appelsin panna cotta med daim

Topping:

  1. Vask appelsinene godt og riv det oransje skalet frå eine appelsina.
  2. Press ut saft frå to av appelsinene og ha i ei lita kasserolle saman med skalet.
  3. Ha i safta frå den halve sitronen og sukkeret.
  4. Varm opp til sukkeret er oppløyst og set til avkjøling.
  5. Del opp den siste appelsinen i fine bitar og fordel i dei fire skålene.
  6. Hell over den avkjølte appelsinjuicen og strø over Daimkuler.
  7. Velbekomme!
appelsin panna cotta

TIPS: dersom du vi ha ein litt tjukkare appelsinsaus kan du røre ut 1 ts maizena eller potetmjøl med 1 ss kaldt vatn og ha i sausen medan du kokar den opp.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.