Enchiladas med bønner

Helios-samarbeid

enchilladas

Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen.

Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med gratinert ost på toppen. Servert med salat, guacamole og ein skvis lime til smakar dette veldig godt. Alt etter kven som skal ete dette kan du variere mengden chili og krydder slik at det blir passe.

Vi vaksne vil gjerne ha litt futt i, medan minstemann spyttar og harkar om det blir for mykje chili. Løysinga kan vere å tilsetje meir krydder og chili i halvparten av tomatsausen, og lage ein halve som er spicy og ein som er mild:)

tortilla wrap

Enchiladas med bønner til 4-6 personar:

  • 6 store tortillalefser
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 x 400 g Helios økologisk hakka tomat
  • 1 ss Helios økologisk grønsaksbuljong
  • 1 raud paprika
  • 1 grøn paprika
  • ca 250 g kidneybønner (1 boks)
  • 1/2 raud chili
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts oregano
  • 1/2 ts koriander
  • 2 ss Helios økologisk stekeolje
  • Reven ost til å ha på toppen
enchiladas med bønner enchiladas enchiladas med bønner

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
  2. Del løk, kvitløk, chili og paprika i bitar.
  3. Fres løk i litt olje til den blir blank. Ha i kvitløk og chili (eller vent med chilien om du skal lage halve spicy/halve mild).
  4. Ha i hakka tomat og kok opp.
  5. La småkoke og ha i grønsaksbuljong og krydder.
  6. Skyl bønene godt og ha dei i gryta saman med paprikaen.
  7. Aus tomatsausen opp i ei tortillalefse, rull saman med skjøten ned i ei eldfast form. Fyll opp forma.
  8. Strø ost over og gratiner i omnen til osten er gyllen, ca 15 min.
  9. Server med salat, rømme og guacamole til.
tex mex fredagskos

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samabeid med Helios.no.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.