Vafler med potetmjøl

Samarbeid med Hoff-potetmjøl

vafler potetmel

Vafler med potetmjøl er sprøtt og godt, og funkar både med grove vafler og med fine vafler. Eg har utvikla to versjonar til Hoff, ein lys og fin dessert variant som er nesten som kjeks å rekne og ein grovare frukostversjon.

Dei lyse vaflene er fine å oppbevare i ei kakeboks, og held seg lenge der. Det minner litt om julekaker, og har du hatt ei bestemor som har bydd på harde vafler i barndommen kjenner du dei igjen med ein gong!

Dei grove vaflene er fine å servere til frukost, og smakar faktisk veldig godt etter at dei har blitt kalde. Dermed har du lunsjen klar om det blir restar frå frukosten.

potetmelsvafler

Lyse vafler med potetmjøl

  • 3 egg
  • 180 g sukker
  • 180 g smør
  • 270 g Hoff potetmjøl
  • 150 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • ekstra smør til jarnet
vaflar med potetmjøl

Slik gjer du:

  1. Smelt smøret og la det avkjøle litt.
  2. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
  3. Ha i smøret litt og litt.
  4. Bland saman alt det tørre.
  5. Sikt det tørre i og vend inn.
  6. Smør vaffeljarnet godt med smør og steik vafler på vanleg måte.
  7. Vaflene er skjøre og mjuke når dei er varme, men blir raskt harde. Ver forsiktig når du tek dei ut av jarnet, og pass på å smøre godt mellom kvar gong.
  8. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.

frokostvafler
Frukostvafler med spelt- og potetmjøl

Til 10-12 plater treng du:

  • 100 g smør
  • 3 egg
  • 4 dl mjølk
  • 1,5 dl appelsinjuice
  • 3 toppa ss Hoff potetmjøl
  • 1/2 ts salt
  • 300 g sikta spelt
  • 75 g lettkokte havregryn
  • ekstra smør til jarnet
frukostvaflar

Slik gjer du:

  1. Smelt smøret og bland i mjølk og appelsinjuice.
  2. Ha alt det tørre i ein bolle og bland saman.
  3. Spe med det våte, rør godt mellom kvar gong til du har ei røre utan klumpar.
  4. Visp egga lett saman i ein annan bolle, og rør dei så inn i vaffelrøra.
  5. La vaffelrøra svelle i 15-20 min.
  6. Smør jarnet godt med smør, og steik platene gylne.
  7. Avkjøl på rist og server med godt pålegg.
spelt og potetmelsvafler

Du kan lese meir om potetmjøl (og meg) her, og få gode tips til kva anna du kan nytte det til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.