Rekesuppe

Helios-samarbeid verdens beste fiskesuppe

Rekesuppe er absolutt best med reker som du reinskar sjølv, og det gjer du lett medan grønsakene kokar seg møre. Med god buljong i botnen får du gode smakar, som er med på å løfte suppa dei gongane du ikkje har kraft liggande klar i frysaren.

Har du lyst å tilsetje fisk i terningar er det berre å ha den i på slutten saman med rekene, eller du kan ha i Helios speltskruar eller Helios kikerter for å gjere suppa meir mettande.

reker suppe

Uansett kvar versjon du vel å lage er det alltid godt å få servert eit godt brød med godt med smør på til ei god suppe. Håper suppa fell i smak!

reke suppe

Rekesuppe til 3-4 personar:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 søtpotet
  • 2-3 gulrot
  • 3-4 poteter
  • 1,5 kg reker med skall
  • 2 vårløk
  • 2 ss Helios grønnsaksbuljong
  • 3-4 ss creme fraiche
  • 5-7 dl vatn
  • salt og peppar
  • 1 ss Helios økologisk stekeolje
rekesuppe

Slik gjer du:

  1. Skrell og del søtpotet, gulrot, poteter, løk og kvitløk i bitar.
  2. Fres løken til den blir blank.
  3. Ha i kvitløk, søtpotet, gulrot og poteter og strø over grønnsaksbuljongen.
  4. Hell over vatnet og kok opp. La småkoke i 10-15 min.
  5. Reins rekene og del vårløken i bitar medan suppa kokar.
  6. Rør inn creme fraiche og ha i reker og vårløk.
  7. La trekke i 5 min, til rekene er gjennomvarme.
  8. Smak til med salt og peppar og server med godt brød til.
suppe fisk reke fiskesuppe med reker

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samarbeid med Helios.no

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.