10 bakefavorittar

10 bakefavorittar er samla med tanke på at det er vinterferie flere stader i Norge. Då blir det ofte ekstra tid som ein kan bruke på kjøkkenet, og gjærbakst er kjekt å vere med å lage for dei små også.

Når eg vil glede dei tre gutane i heimen er søt gjærbakst bankers, og det er alltid kjekt å ha nokre kanelsnurrar liggande i frysaren for ein spontan tur eller ekstra kjekk stund rundt spisebordet.

Ei nabodame er heilt rå på gjærbakst, og har delt sitt tips: bak med tre born i huset. Då set ho deiga når ho står opp og så får ho aldri tid til å ta igjen deiga fordi det skjer så mykje. Dermed får deiga heve og heve og heve, og resultatet blir luftig og god bakst.

Vil du lage god gjærbakst må du la deiga få god tid til å heve med andre ord:)

Har du ein annan favoritt som funkar må du gjerne dele med meg på instagram og snapchat: @kvardagsmat.

1.

skolebrød

Skolebolle -klassikar!

2.

kanelblome

Kanelblome -fantastisk fin å setje på bordet, og ikkje så vanskeleg å lage som den ser ut.

3.

vaniljesnurr

Vaniljesnurr -nydeleg snurr med kanel, sukker og vaniljekrem. Litt griseri på fingrane i bakeprosessen, men vel verdt det!

4.

Kanelbollekake

Kanelbollekake -laga for å gi meir av det beste i kanelsnurrer: nemleg det i midten!

5.

bringebær gjærbakst

Bringebærkrans -nydeleg krans med deilig bringebærsmak.

6.

Aniskringle

Aniskringle -nysteikt med brunost på? Ja takk!

7.

Prinsessekake

Prinsessekake -den beste gjærbaksten!

8.

10 bakefavorittar

Schakenda kanelsnurr -etter dei gode Schakenda kanelsnurrane!

9.

sjokolade snurrer

Sjokoladeknutar -til alle sjokoladeelskarar!

10.

kanel giflar

Kanelgiflar -den nyaste favoritten her på bloggen! Deilig klissete kanel og sukker snurr.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.