Reklame

Rå mandelkonfekt

Rå mandelkonfekt i samarbeid med Helios
/annonse/

allergivennlig snickers
Rå mandelkonfekt er ein vri av den nydelege rå snickers konfekten. Sidan eg kjenner fleire som ikkje toler peanøtter måtte vi lage ein versjon utan peanøttsmør og nøtter, slik at dei også fekk gleden av denne nydelege sukkerfrie desserten.
Mandelsmør går fint å lage sjølv, og det går fint å lage det utan å leggje mandlane i bløyt over natta og anna førearbeid. Berre kjør mandlane lenge i matmølle, så har du smør som kan brukast i denne konfekten.
Sidan mandelversjonen ikkje får salt frå nøtter og smør, må du hugse å tilsetje litt salt. Vi begynte med ei klype, men enda opp på 4 klyper salt og synest det er heilt topp med salt og søtt i ei god blanding.
raw mandelkonfekt
Til 1 brødform (ca 10 x 30 cm) treng du:
  • ca 20 Helios økologiske dadlar
  • 1 ts Helios økologisk vaniljesukker
  • 200 g Helios økologiske mandlar
  • 100 g mørk sjokolade, gjerne 75 %
  • 3-4 klyper maldonsalt
snickers uten peanøtter
Slik gjer du:
  1. Legg dadlane i varmt vatn, slik at dei får blir mjuke medan du lagar klart resten. (Brukar du dadlar med stein, må du fjerne steinen).
  2. Ha halvparten av mandlane i ei matmølle (foodprocessor) og kjør til du får mandelsmør. Kjør lenge altså, og skrap gjerne ned om det legg seg opp etter kantane.
  3. Hell av vatnen på dadlane og kjør dei i matmølla til det er ei jamn masse.
  4. Grovhakk resten av mandlane.
  5. Bland saman dadlar, mandelsmør, mandlar og vanilje.
  6. Ha massen på eit bakepapir og løft bakepapiret opp i ei brødform.
  7. Trykk massen uttover, set i kjøleskap.
  8. Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad.
  9. Fordel den smelta sjokoladen over og set i frysar eller kjøleskap.
  10. Etter ein halvtime i frysar eller to timar i kjøleskap er konfekten klar.
  11. Snu konfekten med sjokoladen ned før du deler opp, då unngår du at sjokoladen knekk opp meir enn nødvendig.
raw almond treat

Denne oppskrifta er utvikla som ledd i mitt samarbeid med Helios.no

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.