Proteinbrød

Proteinbrød er ein vri på dei populære proteinrundstykka som ofte blir laga her i heimen når vi treng brødmat på 1-2-3. Ofte hamnar resten av rundstykka i frysaren, slik at dei enkelt kan varmast i omnen i 5-7 min om morgonen til frukost.

Proteinbrød

Fleire gongar har eg tenkt at det ville jo vore genialt å kunne tina dei i brødristaren, men rundstykka har vore for store til det. Dermed blei løysinga å lage proteinbrød! Brødet deler eg i skiver og legg i frysaren, så tek eg opp to skiver i gongen og legg dei i brødristaren om morgonen eller når to skriver trengst. Så lenge brødet er nyrista funkar det godt etter ei rund i frysaren, og er supert å ha på lur.

Brødet blir naturlig glutenfritt sidan det ikkje er mjøl i det, berre hugs å bruke glutenfritt havregryn om det er nokon med cøliaki eller glutenintoleranse som skal ete det. Då er det også viktig at du har ein brødrister som ikkje har vore brukt til anna brød, men dette kan du sikkert om du er van med å ta slike omsyn.

Om du ikkje treng å ta slike omsyn så kan du bruke vanleg havregryn og nyte godt brød sjølv!

proteinbrød

Min favoritt er rykande varme med mykje smør og brunost på, gjerne med ein kopp sterk kaffi til. Mmmm! Fekk du lyst til å prøve? Her har du oppskrifta:

Oppskrift på Proteinbrød

1 brød / 4-5 porsjon / Tid: 60 min

  • 500 g (2 boksar) cottage cheese
  • 500 g havregryn
  • 4 egg
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ts salt
  1. Set omnen på 180 grader varmluft.

  2. Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar (eller bruk ein blender).
    Vend inn havregryn og klapp saman til ei jamn deig.

  3. Ha over i ei bakepapirkledd brødform og trykk jamt uttover.

  4. Steik på nederste rille i ca 45 min, til brødet er gyllent.
    Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.