Sponsa

Fastelavnsbolle med syltetøy og krem

fastelavnsboller med krem og syltetøy

Det nærmar seg den søndagen i året igjen! Den med krem og bollar og syltetøy –all over the place. Fastelavnsbollar er absolutt finast å sjå på før nokon tek ein bit av den, då handlar det berre om å få i seg mest mogleg av godsakene utan å sitte igjen med for mykje gris på fingrar, duk og kle.

fastelavensboller

Finnast det eigentleg ein god teknikk for å ete desse?

Det får ikkje hjelpe, er det fastelavn så er det fastelavn, og då trengst det bollar med syltetøy og krem! Massevis av syltetøy og krem!

fastelavnsbolle

Til omlag 24 bollar treng du:

  • 900 g Helios kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
  • 5 dl H-mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 150 g sukker
  • 1,5 ts Helios kardemomme
  • 1/2 ts salt
  • 1 egg
  • 150 g smør
  • 1 egg til pensling

Fyll:

  • Syltetøy
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ts Helios vaniljesukker
  • 1 ss sukker
hveteboller verdens beste boller

Slik gjer du:

  1. Varm mjølka til den er fingervarm, ha den i ein eltebolle.
  2. Ha i kveitemjøl, sukker, tørrgjær, kardemomme, salt og egg.
  3. Elt på middels fart i ca ti min.
  4. Ha i smør delt i terningar og elt vidare i ti nye min, til du har ei jamn deig.
  5. Dekk til og la heve til dobbel storleik, 1-2 timar.
  6. Del opp i 24 emner og trill runde bollar. Bruk litt mjøl dersom deiga er veldig klissete.
  7. Set bollane på bakepapirkledd steikebrett og la ettereve under klede, ca 30 min.
  8. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  9. Visp saman egget og pensle bollane, steik eit brett i gongen til dei er gylne, 15-17 min.
  10. Avkjøl på rist.

Visp kremfløyte med sukker og vaniljesukker og server nysteikte bollar med luftig krem og godt syltetøy, gjerne med eit lite dryss av melis på toppen.

fastelavnsboller med krem

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av mitt samarbeid med Helios.no.

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.