Quinoasalat med smak av Marokko

quinoa salat quinoasalat med smak av marokko

quinoasalat

Quinoasalat med smak av Marokko

Denne salaten er fin å servere på eit tapasbord, som ein rett åleine eller som veldig godt tilbehør til feks kylling. Med spanande smakar og friske urter er dette eit lett og godt måltid. I tillegg er det finfint å ha i lunsjboksen dagen etter.

Quinoa er eit «superfrø» som er proppa med næringsstoff og har deilig nøtteaktig smak. Frøet er glutenfritt, og kan erstatte både pasta og ris. Kok gjerne meir quinoa enn du treng og oppbevar det i ei tett boks i kjøleskapet. Då kan du bruke det i ein rask salat, eller tilsetje det i deiga når du skal bake.

Dei friske urtene er med på å gjere denne salaten frisk, smakfull og god -men er det på din butikk som på min, så er det ikkje alltid lett å finne friske urter. Koriander er stort sett alltid å finne, men mynte dukkar opp med ujamne mellomrom. Eg har difor laga den både med og utan mynte, og sjølv om det absolutt er best med begge deler funkar den med berre koriander også.

oppskrift salat med quinoa quinoa squash auberginequinoa salat med smak av marokko

 

Oppskrift på Quinoasalat med smak av Marokko

4 porsjonar

  • 2,5 dl quinoa
  • 4,5 dl vatn
  • 1 ts kanel
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 aubergine
  • 1/2 squash
  • 2-3 ss olivenolje
  • 1 fedd kvitløk
  • Saft frå 1/2 sitron
  • 1-2 dl frisk koriander
  • 1-2 dl frisk mynte
  • 2 avokado
  • 50 g rosiner
  • 1 tomat
  • 1 dl mandlar
  • salt og peppar
  1. Skyll quinoane i eit dørslag til det sluttar å skumme.
    Ha quinoa, vatn, salt og kanel i ei lita kasserolle og kok opp. La småkoke under lokk i ca 15 min, til frøa har opna seg. Rør rundt med ein gaffel og la dampe av seg litt før du heller over på ein tallerken og let det avkjøle.

  2. Set omnen på 200 grader over- og undervarme. Del auberginen i tynne halvmånar og squashen i litt tjukkare skiver. Pensle med olivenolje på begge sider og legg på ei rist. Strø over litt salt.
    Steik i omnen til dei er mjuke og byrjar å bli brende i kantane, ca 20 min. Ta dei ut, ha dei over i ein bolle.

  3. Press kvitløksfeddet og bland det inn i grønsakene saman med 1 ss olivenolje. La avkjøle.

  4. Rist mandlane i ei tørr, varm steikepanne til dei nesten blir brende. La avkjøle og grovhakk.

  5. Del avokadoane i to, fjern steine og del kjøtet opp i terningar og ta dei ut av skallet med ei spiseskei.

  6. Del tomaten i to, fjern innmaten med ei teskei og del skallet i terningar.

  7. Bland quinoa, sitronsaft og steike grønsaker. Ha over avokado, tomat, koriander, mynte, rosiner og mandlar.

  8. Krydre med salt og peppar, og gjerne ein ekstra skvis sitron på toppen. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.