Tortillapizza med tacokjøtt

tortillapizza

Tortillapizza er ein av mine favorittar når eg har lyst på noko godt, men ikkje vil bruke tid på kjøkkenet. Her trengst det ingen heving, benken blir ikkje skitna til, og det er moglegheiter for at kvar og ein kan lage sin eigen favoritt.

Skal du på hyttetur og har lyst på ein enkel pizza når du kjem fram er dette eit supert alternativ til ferdigpizza. Og har du nokon som ikkje toler kveitemjøl i gjengen kan du fint velje ein glutenfri tortilla, så er det behovet også dekka.

tortilla pizza

Tortillapizza med tacokjøtt er ofte noko som står på bordet dagen etter vi har hatt taco, og det blei restar igjen. Knallgodt og veldig enkelt!

Eg har valt å gi deg oppskrifta og mengder for ein pizza, så kan du doble eller triple alt etter kor mange det er som skal ete saman med deg. Kanskje vil dei heller ha spekeskinke, grønsaker eller berre ost på? Har du ikkje pizzasaus for hand kan eg varmt anbefale Creme Fraiche i staden, gjerne med eit knust kvitløksfedd blanda i.

tortillapizza med tacokjøtt

Tortillapizza til 1 person:

  • 1 tortillalefse
  • 2 ss tacokjøttdeig
  • 1/4 paprika, gjerne i ulike fargar
  • 2-3 ss reven mozzarellaost
  • friske urter
  • 1 ts rømme
  • 2 ss pizzasaus (sjå under)
pizzasaus

Pizzasaus:

  • 1 ss olivenolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts basilikum (eller 1 neve frisk basilikum)
  • 1 ts oregano (eller 1 neve frisk oregano)
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 2-3 ss tomatpure
  • 2 boksar/kartongar hakka tomat
tortillapizza med tacokjøtt

Pizzasausen lagar du slik:

  1. Hakk løk og kvitløk.
  2. Surr løken i olivenolje til den blir blank.
  3. Ha over tomatpure og la den frese med i 1 minutt.
  4. Hell over hakka tomat og ha i krydder.
  5. La putre så lenge du har tid, dess lenger dess betre, men 5-10 min går også bra.
  6. Kjør glatt med stavmiksar og ha over i egna glass/bokser. La avkjøle, set på lokk og oppbevar i kjøleskap i opp til ei veke, eller i lang tid i frysaren.

Slik lagar du tortillapizza:

  1. Lag pizzasaus, eller hent ei boks frå frysaren.
  2. Set omnen på 200 grader over og undervarme.
  3. Legg lefsa på eit bakepapirkledd steikebrett.
  4. Stryk uttover pizzasausen og fordel toppingen, avslutt med ost.
  5. Steik i 12-15 min, til osten er gyllen.
  6. Server med friske urter og rømme.
oppskrift tortilla pizza

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.