Steikt torsk med søtpotetstappe og eggesmør

oppskrift steikt torsk med eggesmør

Steikt torsk er ein av mine favorittar å lage når vi kjem heim frå jobb, skule og barnehage. Det går raskt, er sunt og smakar så godt, om du lagar den på rette måten. Eg vil gjerne ha litt smak til, sidan fisken i seg sjølv ikkje smakar så mykje.

I denne versjonen får den tilhøyr av søtpotet (enda ein av mine favorittar) og eggesmør. Eggesmør er genialt enkelt å servere til, du treng berre eit kokt egg og litt smør. Har du eit egg til overs frå søndagsmiddagen er det fint å bruke, viss ikkje rekk du å koke eit nytt medan resten av maten blir ferdig.

torsk søtpotet egg

Til to personar treng du:

  • ca 250 g torsk
  • 3 ss smør
  • 1 egg
  • 1 stor søtpotet
  • salt og peppar
  • friske urter
Steikt torsk med søtpotetstappe og eggesmør oppskrift eggesmør

Slik gjer du:

  1. Hardkok egget.
  2. Skrell søtpoteta og del den i terningar. Ha over i ei kasserolle, dekk akkurat med vatn og kok opp. La småkoke under lokk til potetbitane er møre. Hell av kokevatnet, men ta vare på det. Ha i 1 ss smør og mos med ein visp eller ein potetstappar. Spe med litt av kokevatnet til du får passe konsistens, rør kraftig mellom kvar gong.
  3. Varm 1 ss smør i ei steikepanne på medium-høg varme. Legg i torskefiletane og la dei steike til dei er 2/3 steikt i gjennom, hjå meg tok det omlag ti minutt, slik at dei blir karamelliserte på den sida. Snu fisken og la dei steike berre akkurat lenge nok til å ikkje vere rå.
  4. Del egget i små bitar, gjerne ved å bruke ein eggedelar og dele det først ein gong, og så snu det 90 grader og dele ein gong til.
  5. Ta ut fisken frå panna, og smelt resten av smøret. Bland i eggebitane og server med det same.
rask enkel middag

Følg meg gjerne på snapchat og instagram: kvardagsmat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.