Eltefritt linfrøbrød

Eltefritt linfrø brød

Eltefritt linfrøbrød er laga på samme prinsipp som alle eltefrie oppskriftene. Du rører raskt saman ingrediensane, og då meiner eg røre ikkje elte, og let deiga heve på benken over natta.

Dagen etter har du deilig luftig deig som kan formast til rundstykker eller hellast over i ei brødform slik eg har gjort her og bli til nydeleg heimebakt brød.

elefritt brød

Denne gongen har eg nytta linfør, sidan det er eit av dei få frøa som gutane i heimen kan gå med på å ete utan at dei er heilt knuste til mjøl, og usynlege i brødet.

Har du moglegheit bør du knuse linfrøa, eller legge dei i bløyt, slik at kroppen kan nyttiggjere seg av alt det gode som er inne i frøa. Vil du lage rundstykker i staden, kan du fint gjere det med denne deiga, valet er ditt!

Eltefritt linfrøbrød

Til 1 brød treng du:

  • 150 g grov sammalt kveite
  • 400 g kveitemjøl
  • 75 g knuste linfrø (eller bløytlagde)
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 5 dl lunka vatn
Eltefritt linfrø brød
  1. Set bakebollen på vekta og mål opp alt det tørre. Hell i vatnet og rør raskt saman, set på lokk og la heve i 12-18 t, gjerne over natta, på kjøkkenbenken.
  2. Etter den lange hevetida skrapar du deiga over på eit bakepapir og løftar heile bakepapiret over i ei brødform.
  3. Legg over eit klede og la brødet etterheve medan omnen varmar seg opp til 250 grader over- og undervarme.
  4. Pensle med litt vatn, og skjær eventuelt eit snitt i overflata.
  5. Set brødet inn i omnen på nederste rille, og senk temperaturen til 230 grader.
  6. Steik brødet i 45-50 min.
  7. Sjekk at det er ferdig ved å banke på undersida av brødet og høyr at det avgir ein hol lyd.
  8. Avkjøl brødet på rist, ikkje skjær i det før det har kolna noko (ca 15-20 min).
oppskrift eltefrie brød

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.