Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne med søtpotet og linser har blitt ein gjengangar heime hjå oss, sidan eg er svak for søtpotet.

Gryta kan fint lagast vegetarisk ved å kutte ut kjøtet, den funkar like bra utan. Lag gjerne ein raus porsjon, for dette er gull mat å varme opp dagen etter. Då rører vi gjerne risen som vi har til inn i gryta og serverer som ein slags risotto-gryterett.

oppskrift chili con carne med søtpotet

Chiligryte med søtpotet og linser til 4-5 personar:

  • 400 g karbonadedeig
  • 100 g bacon
  • 1 søtpotet (ca 300 g)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • ½-1 raud chili
  • 1 ts spisskummen
  • 400 g hermetiske tomatar
  • 1 kartong (ca 300 g) linser
  • 2-3 dl kraft (eller vatn + buljong)
  • ½ ts sukker
  • salt og peppar
  • litt friske urter
oppskrift god chiligryte
    1. Steik karbonadedeiga i litt smør/nøytral olje og sett til side.
    2. Skjær bacon i bitar og steik til det er sprøtt, legg til side, men la feittet vere igjen for å steike løken.
    3. Skjær løk i terningar, finhakk kvitløk og chili.
    4. Fres løken i baconfettet til den er blank.

Ha i kvitløk og chili og spisskummen.

    1. Ha over hermetiske tomatar og kraft og koks opp.
    2. Skrell og del søtpoteta i terningar, ha den i gryta.
    3. Skyl av linsene i eit dørslag og ha dei i gryta.
    4. Ha i karbonadedeiga og baconet og la det småkoke i ca 10 min, til søtpoteta er mør.

Smak til med sukker, salt og peppar.Server gryta med ris og friske urter.

chili chiligryte

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.