Brennsnut med fenalår

betasuppe

Brennsnut er ein av mine absolutte middagsfavorittar, og det eg tyr til oftast når det skal serverast mat til mange. Då vi inviterte familien til 7-års bursdag rett over nyttår nytta eg høvet til å bli kvitt restane av fenalåret samtidig.

Kraft av fenalår er nemleg noko av det beste du kan lage brennsnut av, og gir ein heilt aldeles nydeleg smak på suppa.

I bursdagen fekk kidsa pølse med brød, medan vi vaksne åt opp to store gryter med salt og god brennsnut. Gryta stod på omnen med skåler og flatbrød ved sidan av, så kunne kvar og ein velje kor mykje og kor ofte ein ville forsyne seg. Lag uansett ein stor porsjon, for dette er genial middag å fryse ned og ta opp for rask middag. Vi hadde sjølvsagt brennsnut til middag mandagen etter barneselskapet.

lapskaus fenalår

Del 1:
Til den beste brennsnuten treng du kraft og den kan du gjerne koke ein dag likevel skal vere heime, så kan gryta stå på omnen medan du gjer andre ting. Krafta frys du ned eller oppbevarer i kjøleskap til du treng den.

Kraft av fenalår:

  • 1 fenalår
  • 1 løk
  • 2-3 gulrot
  • 1 purre
  • 1/2 sellerirot
  • 1-2 laurbærblad
  • 1 ss eplecidereddik

Slik gjer du:

  1. Ha fenalår (gjerne delt i to) saman med vaska og grovhakka grønsaker i ei stor gryte.
  2. Fyll på med kaldt vatn til alt er dekka, ha i laurbærblad og eplecidereddik. (Eddiken er viktig for å dra mest mogleg av minerala og godsakene ut av beinet.)
  3. Kok opp, fjern skummet som legg seg på toppen (viss du gidd) og la småkoke så lenge du har tid, minimum 4 timar.
  4. Ta ut beina, la avkjøle og plukk av kjøtet. Ta vare på kjøtet til du skal lage brennsnuten.
  5. Sil krafta, grønsakene kan du kaste.

Tips: Ha krafta tilbake i kasserollen og la koke utan lokk, slik at vatnet fordampar og krafta blir meir konsentrert. Då tek den mindre plass i kjøleskapet eller frysaren og er lettare å oppbevare. Frys gjerne i reine syltetøyglass, så kan du berre spe med meir vatn når du skal bruke krafta.

betasuppe

Del 2:

Oppskrift på Brennsnut med fenalår

4-5 porsjonar / Tid: 30 min (+ evt. 4t for kraft)

Brennsnut

  • 2-3 gulrot
  • 4-5 potet
  • 1/2-1 sellerirot
  • 1 pastinakk
  • 3-4 vårløk (eller purre)
  • 1 søtpotet
  • 1 pk middagspølser
  • 1-2 liter kraft (sjå over)
  • Kjøt frå fenalåret
  • Salt og peppar
  • Friske urter på toppen
  1. Sjå del 1 over her, for å lage krafta.

  2. Skrell og del alle grønsaker i terningar.

  3. Ha kraft i ei stor gryte, ha i grønsakene og fyll på med vatn til alt er dekka.

  4. Kok opp og la småkoke til grønsakene er møre. Dette er avhengig av kor store og kva type grønsaker du har, men etter småkoking i 15 min er som regel alle klare.

  5. Del pølser og kjøt i bitar.

  6. Ha i pølser og kjøt rett før grønsakene er ferdige, og la dei koke med siste minutta.

  7. Krydre med salt og peppar og server med flatbrød til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.