Smoothie-bowl med pasjonsfrukt og chiafrø

Smoothie-bowl med pasjonsfrukt og chiafrø

Smoothie-bowl har eg publisert fleire versjonar av her på bloggen, denne gongen er det med frisk og søt eksotisk frukt. Pasjonsfrukt dukkar opp med ujamne mellomrom på butikken min, og var tilstades no i jula. Denne søte og syrlege frukta er dessert i seg sjølv, og så godt å ha over granola og yoghurt.

I smoothie-bowlen passar den også fint, her i samspel med det proteinrike chiafrøet. Chiafrø blir rekna som supermat, og det skulle gi ein super start på dagen.

Denne oppskrifta gir ein raus porsjon, som eg ofte endar opp med å dele i to. Smoothie-bowl held seg fint i kjøleskap til dagen etter, så denne kan du fint lage dagen før og ha frukosten klar når du står opp.

sunn smoothie bowl

Til 1 stor porsjon smoothie-bowl treng du:

  • 1 stor eller 2 små avokado
  • 1 banan (gjerne frossen)
  • 250 ml kokosmjølk
  • 0,5 dl vatn
  • 1 eggeplomme
  • 1 ss kokosfeitt (extra virgin)
  • 1 ss chiafrø
  • 1 pasjonsfrukt
oppskrift smoothie bowl

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ein blender unnateke vatnet og puls saman.
  2. Spe med så mykje vatn du treng.
  3. Servér med det samme, gjerne med frisk mynte og ekstra chiafrø på toppen.
smoothie bowl oppskrift

Tips: Ta vare på eggekviten du sit igjen med, og legg den i frysaren. Eg frys gjerne 5-6 eggekviter i ei lita boks og tek dei opp når eg skal lage pavlova. Då er det berre å setje boksa i kjøleskapet dagen før, så har du ferdig skilde eggekviter klar dagen etter.

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.