Ostekake med pepperkaker

ostekake med pepperkake

Ostekake med pepperkaker er ein genial måte å bruke opp siste rest av pepperkaker på og kan fint serverast sjølv om jula er overstått. Deilige pepperkakekrydder passar fint saman med syrleg ostekrem og gir ein herleg vri på den tradisjonelle ostekaka.

Ostekake smakar utruleg godt og er særdeles enkelt å lage. Sidan den ikkje skal steikast er den genial å lage til eit selskap eller festleg lag der omnen allereie er oppteken av anna bakst eller mat.

ostekake oppskrift med pepperkaker

Har du ikkje pepperkaker kan du bruke same mengder av søt havrekjeks i staden, gjerne med 1 ts kanel blanda i for litt ekstra smak.

ostekake med pepperkakebotn

Ostekake med pepperkakebotn (24 cm):

Botn:

Ostekrem:

  • 250 g mandarin og ananas kremost
  • 1,5 dl lettrømme
  • 2,5 dl kremfløyte
  • 100 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 pk sitrongele
  • 1,5 dl vatn
pepperkaker knuse pepperkaker pepperkakebunn pepperkakebotn ostekake oppskrift

Slik gjer du:

Botn:

  1. Smelt smøret.
  2. Knus pepperkakene til smular (anten i foodprosessor eller ved å banke dei i ein pose).
  3. Bland smør og pepperkakesmular og trykk ut i ei bakepapirkledd rund form.
  4. Bruk eit glas eller ein potetstappar for å trykke det hardt og jamnt uttover.
  5. Set i kjøleskap medan du lagar ostekremen.
ostekake med pepperkaker

Ostekrem:

  1. Kok opp vatnet og rør ut sitrongeleen. La stå til avkjøling medan du gjer klar resten.
  2. Rør kremosten fri for klumpar, rør så inn rømme.
  3. Visp kremfløyte, sukker og vaniljesukker til luftig krem.
  4. Bland den vispa kremfløyta med kremost og rømmeblandinga.
  5. Rør inn den flytande sitrongeleen litt etter litt.
  6. Hell ostekremen i forma og set i kjøleskap i minst 3 timar, gjerne over natta.
  7. Skjær langs kanten med ein kniv og losne kakeringen, men ikkje ta den av.
  8. Ta vekk botnen av kakeforma, fest kakeringen og løft kaka såvidt opp og dra vekk bakepapiret.
  9. Fjern kakeringen.
  10. Pynt gjerne med pepperkaker, bær og eit dryss melis.
jule ostekake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.