Kylling Curry

Curry

Kylling Curry er ein favoritt som eg ofte tyr til ein dag eg ikkje heilt veit kva som skal stå på middagsbordet. Retten krev få ingrediensar, og det er stort sett slike ting som eg alltid har i skapet.

Medan risen kokar kuttar og steiker eg det andre, og så er middagen klar på 20 minutt. Og så smakar jo curry veldig, veldig godt då!

chicken curry

Kylling Curry til 2-3 personar:

  • 2 kyllingbryst
  • 1-2 ss smør el nøytral olje til steiking
  • 1 liten løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ts karri
  • 1 ts garam masala
  • 1 kartong kokosmjølk (200-250 ml)
  • Frisk koriander
  • 2 dl jasminris
  • 4 dl vatn
  • salt og peppar
Kyling Curry

Slik gjer du:

Jasminris:

  1. Skyll risen godt gjennom eit dørslag, og ha i ei lita kasserolle saman med vatnet og ei klype salt.
  2. Kok opp og la småkoke under lokk i 15-20 min, til risen er mjuk å tygge og vatnet er vekke.

kyllingkarri

Kylling Curry:

  1. Del kyllingen i bitar og fres den i litt smør eller olje. Legg til side.
  2. Del løk og kvitløk i små bitar og fres i litt smør eller olje til løken er blank.
  3. Ha over karri og garam masala, bland godt inn.
  4. Hell over kokosmjølk og kok opp.
  5. Ha i kyllingen og la småkoke i ca 5 min.
  6. Smak til med salt og peppar.
  7. Servér kylling curry med ris og frisk koriander. Vil du ha nanbrød til finn du oppskrift på det her.
Kyling Curry

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.