Forslag til Nyttårsmeny

nyttårsmeny

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat

Det nærmar seg siste dagen i året, og tid for å tenkje på årets nyttårsmeny. På ein slik dag der kvelden er lang og det blir mykje venting er det ekstra stas å dekkje fint bord og slå til med tre rettar.

Dei tre rettane treng slett ikkje vere avanserte, og om du vil kan mykje gjerast klart på førehand slik at du slepp å stresse på den store dagen.

Eg har laga to ulike nyttårmenyar, den eine med lam og den andre med fisk som hovudrett. Du kan sjølvsagt mikse og trikse slik du vil, og hoppe over forrett om det ikkje høver.

Uansett så håper eg du blir inspirert til å lage noko godt på nyttårsaften!

dekke bord


Nyttårsmeny #1

jordskokksuppe spekeskinke

Forrett: Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke kan gjerne lagast på førehand og så varmast opp når gjestane kjem. Jordskokk finn du i grønsaksdisken om hausten, og jammen såg eg ikkje nokre no til jul også!

lammestek

Hovudrett: Lammesteik i surmelk er saftig, mørt og godt kjøt som har fått trekke i surmelk. Du kan leggje steika i surmjølk allereie i dag, eller vente til dagen før -slik det står nærare forklart i oppskrifta. Mat som lagar seg sjølv, berre det får god nok tid!

lava cake

Dessert: Lavakake er nydeleg sjokoladefondant, med crispi utside og rennande midtpunkt. Kakene kan lagast heilt klare og så steikast rett før servering. Imponerande og veldig, veldig godt!


Nyttårsmeny #2

pære blåmuggost

Forrett: Pære i tynne skiver, med god spekepølse/spekeskinke, blåmuggost, valnøtt og flytande honning.

fiskesuppe

Hovudrett: Fiskesuppe med reker og blåskjell som smakar nydeleg og mettar på ein lett og god måte. Med blåskjell på toppen er dette absolutt ein festvariant av ei fiskesuppe.

vaniljeis uten ismaskin

Dessert: Vaniljeis med sjokoladebitar laga heilt utan ismaskin. Det enkle er jo ofte det beste, og her kan du lage desserten klar mange dagar før sjølve kvelden.


Eg har også kome med forslag til nyttårmeny på Coop Extra sine sider.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.