GOD JUL

Marsipankonfekt

Med desse bileta av enkel marsipankonfekt ønskjer eg GOD JUL til alle dykk fine lesarar! Eg håper du har hatt ei fin førjulstid, og hatt glede av julegodtet som har blitt delt her på bloggen. Både du som har sett på bileta og tenkt at «det skal eg prøv ein gong» og du som har gått i gong på kjøkkenet og laga noko nytt!

hjemmelaget konfekt

Her i heimen står svineribba i omnen, og eg høyrer frå kjøkkenet at mannen i huset er i gong med årets nissegraut. Som fireåringen så fint proklamerte i dagtidleg:

«I dag er det pappa sin tur å stå på kjøkkenet mamma»;)

Og dermed tek kvardagsmat-bloggaren her juleferie, og ønskjer deg ei fin julefeiring!   enkel konfekt

Denne marsipankonfekten har eg visst gløymt å dele i desember, så om du vil ha noko enkelt julegodt å lage sånn heilt på tampen så får du oppskrifta her i grove mål:

Marsipankonfekt:

  • Ferdigkjøpt marsipan (helst med minst 50% mandlar)
  • Smak: litt rom/cognac/baileys/sitronskal
  • Mørk sjokolade
  • Litt kokosfeitt (extravirgin eller delfiafeitt)

Slik gjer du:

  1. Kna den smaken du vel inn i marsipandeiga.
  2. Del i passe små bitar, trill til kuler.
  3. Smelt sjokolade og kokosfeitt over vassbad.
  4. Legg ei kule på ein gaffel og aus over sjokolade.
  5. Set på bakepapir og la stivne i kjøleskap.
  6. Pakk i fine ekser og gi bort, eller behald sjølv.

Kulene held seg best i tett boks i kjøleskapet.enkel hjemmelaget konfekt


Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat og fortsett å dele det du lagar anten direkte eller med #kvardagsmatno. Det er så kjekt å sjå alt de lagar!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.