Dessert til jul

Har du bestemt kva som skal vere dessert i jula? Då treng ein gjerne dessert både på julaftan og andre dagar det skal vere litt ekstra stas til middag.

Julaftan er liksom dagen då alle vil trå til og hjelpe til på kjøkkenet, så då har du kanskje tilbydd deg å lage desserten?

Når det er sagt må eg kome med ei innrøming med ein gong: Eg har overlete all kokkelering til andre i år, og nyt å skulle få servert både middag og dessert! Så lovar eg å heller invitere på kvardagsmiddag over nyttår;)

Men eg veit jo gjerne kva eg ville ha laga eller kva eg har lyst på, så dermed er det duka for litt bileter og inspirasjon til ein god dessert no i jula.

panna cotta med multerPanna Cotta med julekrydra multer

kan fint lagast dagen før, og multer høyrer liksom jula til. Sausen kan serverast både kald og varm på toppen, eg likar begge deler like godt.

sarah bernhardt Sarah Bernhardt

er dessert nok i seg sjølv, i allefall om du lagar dei så store som eg har gjort. Nydeleg (stor) munnfull med deilig sjokolade.

tilslørte bondepikerTilslørte bondepiker

kan førebuast dagen før, og monterast rett før for å sjå finast ut. Søt, syrleg og crunchy.

lava cakeLavakake

kan lagast nesten heilt klar dagen før, den må berre steikast dei få minutta dei skal rett før servering. Nydeleg, rykande varm sjokoladekake kan vel alle like?

creme bryleeCrème Brûlée

kan steikast ferdig dagen før, og så dreg du fram brennaren og imponerer gjestane når den skal serverast. Mmmmm!

yoghurt panna cotta med sjokoladeYoghurt-Panna Cotta med jordbærsaus

kan lagast klar dagen før, og du kan sjølvsagt nytte frosne bær no vinterstid.

is med nonstopEnkel iskake med nonstop

kan lagast klar lang tid i førevegen, og er kjekk å ha på lur i frysaren om det plutseleg blir tid for dessert!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.