Surkål

hjemmelaget surkål Til god middag høyrer sjølvsagt surkål til, og det lagar du lett frå botnen med denne oppskrifta her. Det blir mykje surkål av eit lite kålhovud, så du treng ikkje leite etter det største på butikken når du skal i gong.

Surkål kan gjerne lagast dagen før det skal serverast, og berre varmast opp før middagen er klar, om du vil ha ein ting mindre å gjere på sjølve dagen. Har du ikkje eddik i hus kan du fint bruke kvitvinseddik (som du kanskje har etter å ha laga bearnaisesaus) eller eplecidereddik (som nyttast i kraftkoking) som syre i staden.

Når ein lagar raudkål er det slik at eddiken skal vere med å koke frå starten av, slik at kålen beheld den fine fargen sin. Dette er ikkje naudsynt ved surkål, så her smakar du til eddik og sukker heilt til slutt.

Nokre likar meir og nokre likar mindre søtt og syrleg, så her står du som kokken fritt til å smake deg fram til din favoritt! Og har du ein hemmeleg ingrediens eller eit perfekt mengdemål må du gjerne leggje igjen ein kommentar eller sende meg ein snap!

surkål

Surkål til omlag 4-6 personar:

  • 1 kg kål (1 middels stort kål)
  • 1-2 syrlege epler
  • 1 ts salt
  • 2,5 dl vatn
  • ca 2 ts eddik
  • ca 2 ts sukker
  • 1 ss smør
  • 1,5 ss karve

oppskrift surkålSlik gjer du:

  1. Skjær kål i tynne strimlar, skrell epla og riv dei på eit grovt rivjarn.
  2. Ha smør i botnen og legg kål, epler, karve og salt lagvis.
  3. Hell over vatn og kok opp.
  4. Legg på lokk og la det dampe/småkoke til kålen er mør, i ca. 45-50 min. Rør avogtil undervegs.
  5. Smak til med sukker og eddik før servering.

Følg meg gjerne på instagram og snapchat for meir matgøy: kvardagsmat

oppskrift heimelaga surkål

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.