6 favoritt-kaker til jul

Jul og selkap høyrer ofte i hop, og då må det kaker på bordet. Her har eg samla seks av mine kake-favorittar, til inspirasjon for kakebaking.

Mange av kakene kan lagast i god tid i førevegen, og iskakene er kjekke å ha på lur i frysaren.

kake til jul: bakt ostekake med bringebærBakt ostekake med bringebærsaus

må lagast dagen før den skal serverast, slik at den kan stivne skikkeleg i kjøleskap. Nydeleg med bringebærsaus til.

kaker til jul: iskake med daimDaimiskake med marengsbotn

er super å ha på lur i frysaren! Den held seg lenge, og treng ikkje takast opp før rett før servering. Fint når det plutseleg kjem gjestar, eller du finn på å spontaninvitere til selskap.

kaker til jul: suksessterteSuksessterte

er suksess både blant små og store. Silkemjuk gul krem som smeltar på tunga. Denne kan gjerne frysast, eller du kan lage klar og ha fryste botnar på lur og så pynte får servering.

kaker til jul: kvikk lunsj kakeKvikk Lunsj kake

er deilig saftig sjokoladekake, med flust av nonstop på toppen og ein kant av Kvikk Lunsj.

kaker til jul: mokkaiskake med sjokolade og marengsMokkaiskake med sjokolade og marengs

er ei deilig iskake med smak av mokka og sjokolade. Kanten rundt er crisp og god marengs som gjer kaka til eit blikkfant på kakebordet.

kake key lime pieKey Lime Pie

er syrleg og søt kake med smak av lime. På botnen er det sprø havrekjeks og på toppen mjuk og deilig krem. Mmmm!

Håper du fann ei eller fleire kaker som du har lyst til å bake i jula!


Tag meg gjerne på instagram @kvardagsmat / #kvardagsmatno

Og følg meg på snapchat: kvardagsmat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.