Sjokoladefudge med søt kondensert melk

kaffe og fudge Sjokoladefudge er ein annan variant av Rocky Road Fudge som har vore populært her på bloggen. Dette er veldig enkel fudge å lage -så lenge du har rett type kondensert mjølk.

Det finnast nemleg to typar. Ein som er søta (som du skal bruke) og ein som ikkje er søta (Vikingmjølk). Begge typane er kondensert mjølk, som er heilmjølk som har fått fjerna noko av vassinnhaldet. Av ein liter mjølk får ein 0,5 l kondensert mjølk som er lettare å transportere og som har mykje lenger haldbarheit.

Den søte typen er fin å nytte i dessertar, og har nok vore mykje meir populær i det store utland enn her heime i Norge. Men no ser det ut til at dette er på veg til å endre seg, og det er stort sett mogleg å finne søt kondensert melk i dei fleste matbutikkar her i bygda i allefall.

For å lage denne deilige konfekten treng du berre å smelte alt over vassbad før du set det til kjøling. Raskt og enkelt, og eit fint gåvetips no til jul. Sjokoladefudge er nemleg mektige saker, og det er lett å gå i fella med å ete opp alt sjølv.

oppskrif sjokoladefudge med søt kondensert melk

Til ei form på omlag 15 x 25 cm treng du:

  • 1 boks (ca 400 g) søt kondensert mjølk (Ikkje Vikingmjølk!  Sjå bilete her)
  • 2 ss smør
  • 1 ts vaniljesukker (eller 2 ts vaniljeekstrakt)
  • 350 g mørk sjokolade
  • 150 g valnøtter
  • 150 g mini-marshmallows
vannbad hvordan smelte sjokolade marshmallows sjokoladefudge med søt kondensert melk

Slik gjer du:

  1. Kle ei form (ca 15 x 25 cm) med bakepapir, dess mindre form dess høgare blir fudgen.
  2. Kok opp vatn i ei lita kasserolle, skru ned varmen og sett ein glas/metall-bolle over som toler varme. Pass på at vatnet ikkje er i kontakt med undersida av bollen.
  3. Ha i søt kondensert mjølk og smør. Rør til smøret er smelta.
  4. Grovhakk sjokoladen og ha den i saman med vaniljen. Rør til all sjokoladen er smelta.
  5. Grovhakk valnøttene og vend desse inn saman med mini-marshmallowsane.
  6. Ha blandinga over i forma og set til kjøling i 3-4 timar før du deler opp i mindre bitar.
spiselig julegave

TIPS:

  • Sjokoladefudge held seg godt i kjøleskap, men kan gjerne frysast. Det funkar like bra å fryse i heil blokk som oppdelt i bitar, så gjer det du synest er enklast.
  • Bruk den forma du har, er den større blir fudgen berre litt tynnare.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.