Kokosmakroner med sjokolade og mandel

kokos makroner oppskriftKokosmakroner høyrer jula til og denne versjonen er ein luksus-versjon med nydeleg hakka sjokolade og mandel. Den liknar på Vepsebol, men har deilig kokosfyll i tillegg.

Eg har tidlegare fortalt at kokos inntil nyleg ikkje var min store favoritt. Men så skjedde det noko merkeleg i løpet av det året vi var i Asia. Der nyttar dei jo kokos i alt mogleg, og det er vanskeleg å finne ein autentisk asiatisk dessert utan kokos i ei eller anna form.

Å få kjøpe ferske kokosnøtter på butikken (eller på stranda) og drikke kokosvatn er noko eg skulle ønskje det var moglegheit for her i Norge og! No kan eg nesten ikkje få nok av kokos-smaken, og nyttar meir kokosmjølk enn nokon gong, både i smoothie-bowl og gryter.

Denne julekaka har dermed to av mine store favorittar i seg: kokos og sjokolade! Og dermed er det søte til ettermiddagskaffien i boks for min del. Nemnde eg at dei er raske og enkle å lage også? Prøv du også, så ser du kva eg meinar:)

kokosmakroner med sjokolade og mandel

Til ca 20 kokosmakronar treng du:

  • 2 eggekviter
  • 1 ts vaniljesukker
  • 125 g sukker
  • 60 g mandlar
  • 65 g kokos
  • 125 g mørk sjokolade

kokosmakroner

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft.
  2. Grovhakk mandlar og sjokolade.
  3. Visp eggekvitene med vaniljesukkeret og halvparten av sukkeret til det skummar.
  4. Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.
  5. Vend mandlar, kokos og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.
  6. Bruk to spiseskeier og set små toppar på to bakepapirkledd steikebrett.
  7. Steik begge bretta samstundes i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
  8. Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.
  9. Oppbevar i tett kakeboks.

kokosmakroner oppskrift

TIPS: Har du ikkje varmluft? Auk temperaturen til 190 grader over- og undervarme og steik eit brett i gongen. Steiketida blir omlag 15 min, følg med.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.