Varm sjokolade

oppskrift hjemmelaget varm sjokoladeEin kopp rykande varm sjokolade kan gjere ein heilt vanleg kveldsmat til vekas høgdepunkt. Mine kids blir i allefall elleville når eg tek meg bryet med å røre ut litt mørk kokesjokolade i varm mjølk og serverar kakao.

Raskt og godt og så blir eg verdas beste mamma om eg i tillegg har nokre mini-marshmallows på lur. At tittelen kanskje berre varer til det er tid for tannpuss er ei anna historie…;)

oppskrift hjemmelaget kakao

Eg synest kakaoen blir best når den er laga med mørk sjokolade i staden for kakaopulver, men smaken er som baken -den er delt i to. Det kan også vere fordi eg synest det er enklast, og fordi det alltid ligg nokre plater med sjokolade klar i kjøleskåpet vårt.

Her får du min versjon, og forklaring for korleis eg super-enkelt serverar varm sjokolade på under 10 minutt.

oppskrift varm sjokolade

Til 2 koppar treng du:

  • 5 dl mjølk (gjerne H-mjølk)
  • 2-3 ss vatn
  • 50 g mørk sjokolade
  • 10 mini-marshmallows
oppskrift kakao

Slik gjer du:

  1. Knekk sjokoladen i bitar (eller hakk den opp om du vil) og ha den i ei kasserolle saman med vatnet.
  2. Smelt sjokoladen på middels-høg varme medan du rører.
  3. Ha i mjølka og visp saman.
  4. Varm opp til det ryk og hell over i passe koppar.
  5. Servér med mini-marshmallows på toppen.
varm sjokolade

TIPS:

Ei splitta vaniljestang smakar gir ein nydeleg vaniljesmak, og kan gjerne få vere med medan du varmar opp mjølka.

Vil du lage ein vaksen versjon kan du la ein raud chili vere med på same måten som vaniljestanga, eller krydre med litt kanel. Og så er det ofte like stas for vaksne å få nokre mini-marshmallows i koppen også.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.