Bakt ostekake

Bakt ostekake er nydeleg! Søt og crunchy botn med syrleg og deilig ostefyll. Den liknar litt på Key Lime Pie, og eg har difor falle for freistinga med å bytte ut det tradisjonelle sitronskallet med limeskal. Kaka får dermed eit hint av lime, i motsetning til Key Lime Pie som kan vere litt for syrleg for dei som ikkje er like galne etter lime som meg. Bakt ostekake deriomot brukar å vere suksess blant dei fleste, og du kan sjølvsagt bruke sitron i staden for lime!

steikt ostekake stekt ostekake nydelig kake

Til ei kake på 22-24 cm treng du:

Botn:

  • 100 g smør
  • 300 g søt havrekjeks (Digestive)
  • 1 ts kanel

Ostefyll:

  • 700 g kremost naturell
  • 3 dl seterrømme
  • 3 egg
  • 1 vaniljestang
  • 200 g sukker
  • skal av 1 lime (eller sitron)

Bringebærsaus:

  • 200 g bringebær
  • 100 g sukker
  • 1/2 lime

bunn ostekake

bakt ostekake

Slik gjer du:

Botnen:

  1. Set omnen på 165 grader over- og undervarme, set ei langpanne midt i omnen.
  2. Kle ei rund form med bakepapir i botnen. Kle forma så med aluminiumsfolie rundt på utsida, slik at den blir tett for vatn.
  3. Smelt smøret.
  4. Kjør kjeks og kanel fint i ein foodprosessor med s-knivar.
  5. Bland smør og kjekssmular og trykk det godt uttover og opp etter kantane i forma. Bruk eit kjøkkenglass så går det lettare.
  6. Set forma i kjøleskap og kok opp 2-3 liter vatn (skal fyllast i langpanna) medan du lagar fyllet.

Ostefyll:

  1. Visp kremosten i ei kjøkkenmaskin til den er heilt utan klumpar.
  2. Ha i rømmen og visp saman.
  3. Ha så i egga, eitt og eitt i gongen, og visp vidare.
  4. Del vaniljestanga i to og skrap ut frøa. Ha vaniljefrø og sukkeret i medan vispen går til alt er godt blanda.
  5. Vask limen godt og bruk eit zesterjarn for å rive av skalet (berre det grøne), og bland i.
  6. Hell fyllet over i kakeforma og set forma i langpanna.
  7. Fyll på med vatnet du har kokt opp, slik at det står så høgt som råd rundt kakeforma. (Hindrar at kaka sprekk opp, og den blir jamnare steikt).
  8. Steik i ca 1 time, til den framleis dissar i midten. La kaka avkjøle i 2 timar inne i omnen, med omnsdøra open.
  9. Set så kaka i kjøleskap over natta (eller minst 3-4 timar) før servering, utan aluminiumsfolie rundt. Kaka vil då stivne endå meir.
  10. Skjær rundt kanten med ein skarp kniv og losne kanten forsiktig.
  11. Fest så kanten igjen, og fjern botnen på kakeforma og bakepapiret ved å halde kanten nokre mm over kakefatet og dra forsiktig bakepapiret til sides.
  12. Losne så kanten rundt kaka igjen, og fjern den.
nydelig ostekake

Bringebærsaus:

  1. Plukk ut dei finaste bæra og set dei midt på kaka.
  2. Ha resten av bæra i ei lita kasserolle saman med sukkeret og safta frå limen.
  3. Mos bær og sukker saman og la småkoke til alt sukkeret er oppløyst.
  4. Ha sausen over i ei lita mugge som den er, eller sil den gjennom eit lite dørslag for å fjerne steinane.
  5. Server kake med saus ved sidan av.
bakt ostekake med bringebær bringebærsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.