Krumkaker

krumkake

Krumkaker er sprø kaker som anten kan fyllast med krem og bær, eller etast åleine. Krumkakene er mjuke i det dei kjem ut av krumkakejarnet, men stivnar fort, så det gjeld å få rulla dei rundt krumkakepinnen med det samme. Dermed får dei den karakteristiske forma dei fleste kjenner frå kakebordet.

krumkaker

Du treng:

  • ca 3 egg
  • ca 150 g sukker
  • ca 150 g kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker (eller kardemomme)
  • ca 150 g smør
  • ca 1 dl kaldt vatn
krumkake

Slik gjer du:

  1. Veg egga (med skal) og mål opp like mengder av sukker, kveitemjøl og smør.
  2. Smelt smøret og set til side for avkjøling.
  3. Visp luftig eggedosis av egg og sukker.
  4. Bland inn smør og sikt i kveitemjøl og vaniljesukker.
  5. Rør inn vatnet til slutt (dess meir vatn dess tynnare blir kakene).
  6. La røra svelle medan jarnet blir varmt.
  7. Ha ei lita spiseskei røre midt i jarnet og steik til kaka er gyllen. Prøv deg litt fram med kva temperaturinnstilling du må ha.
  8. Løft kaka ut av jarnet og form den rundt krumkakepinnen (eller ei sleiv) med det samme, og la avkjøle på ei rist. Kaka stivnar raskt.
  9. Oppbevar kakene i tett kakeboks.
krum kake krumkaker

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.