Pepperkakehus

minipepperkakehus

Vi laga pepperkakehus som tradisjonen tilseier. Like skakt og sjarmerande som alle år. Det viktigaste er jo å få pynte det, og kidsa er svare fornøgde kvar ein einaste gong. Denne gongen laga vi to, eit minihus og eit stort eit. Minihuset printa vi ut mal til her, medan det store pepperkakehuset teikna vi raskt med utgongspunkt i eit A4-ark (sjå lenger nede).

pepperkakehus pepperkakehus svibler

Mål opp og klipp ut, og la taket vere akkurat like stort som eit A4-ark.

Heimelaga -men enkelt.

pepperkakehusmal

Deiga laga eg kvelden før, og det var sjølvsagt denne oppskrifta. Du treng omlag halvparten av deiga for å lage desse to pepperkakehusa; så kan du velje om du vil halvere deiga eller lage vanlege pepperkaker av resten. Det er jo populært:)

hjemmelaget pepperkakehus

Kjevle deiga ut på eit bakepapir, legg malen opp på og skjær ut med ein skarp slikkepott eller ein kniv. Då slepp du å flytte på deiga etter at den er skjært ut. Om bakepapiret ikkje vil ligge i ro når du kjevlar kan du legge eit fuktig kjøkkenhåndkle under.

Steik husdelane til dei er godt steikte, ca 10-12 min på 200 grader. Det er lettare å montere eit hardt (godt steikt) pepperkakehus enn eit mjukt.

For å lime saman huset brukte vi smelta sukker. Smelt sukker på middels varme i ei stor steikepanne, utan å røre i sukkeret. Vend litt på panna av og til. Dypp dei delane som skal limast saman i sukkeret og hald delane saman til karamellen har stivna (det går veldig fort!). Og pass på -karamellen er veldig varm!

heimelaga pepperkakehus

Melisglasuren lagar du slik:

  • 1 eggekvite
  • Saft frå 1 sitron
  • 250-500 g melis

Ha i litt og litt melis til du får passe konsistens. Fyll over i ein plastpose, klipp eit hol og sprøyt det mønsteret du sjølv vil. Hjå oss er det pynten som har fokus, ikkje melisen;)

Pynt med nonstop, mini-marshmallows og anna godt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.