Kransekakestenger

kransekakestenger

Kransekakestenger er jo det eeeeenklaste som finnast. Det er umogleg å gjere feil! Eller?

Om du følgjer meg på instagram har du kanskje sett biletet av korleis det gjekk då eg brukte kverna på stavmiksaren for å kverne mandlane? Det blei ikkje kransekakestenger, men heller flate kransekake-kjeks. Dei smakte like godt altså, men såg ikkje så fine ut.

Dommen var klar: eg måtte bruke den gamle kverna. Som sagt, så gjort og resultatet blei knallgode kransekakestenger. Den enklaste som finnast!

kranse kake stang

Til om lag 36 stenger treng du:

  • 250 g mandlar
  • 250 g melis
  • 2 eggekviter

Sjokoladetopping:

  • 100 g mørk kokesjokolade
  • 1 ss kokosfett (delfia eller extra virgin)
mandelkvern kransekakestang

Slik gjer du:

  1. Mal mandlane på ei gammaldags kvern. (Og ja –det er faktisk heilt naudsynt for å få stenger og ikkje flate kjeks. Eg har testa…)
  2. Bland melis og malte mandlar og rør inn eggekviter ved å bruke K-spaden på ei kjøkkenmaskin.
  3. Pakk deiga inn i plast og legg i kjøleskap i 2-3 timar eller over natta.
  4. Set steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.
  5. Del deiga i 4 emner og trill lange pølser med diameter som ein finger og del opp.
  6. Legg på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i ca 10 min, til stengene er gylne.
  7. Avkjøl på rist.

Sjokoladetrekk:

  1. Smelt sjokoladen over vassbad og rør inn kokosfettet.
  2. La sjokoladen kolne litt, slik at den ikkje er alt for rennande.
  3. Dypp eine sida av kransekakestengene i sjokoladen og legg på eit bakepapir.
  4. Se alt i frysaren til det har stivna (5-10 min), og dypp så andre sida i sjokoladen.
  5. Oppbevar gjerne i frysar, kransekakestengene tinar på eit blunk!

kransekake stangOg lurte du på korleis den misslukka versjonen såg ut? Den kan du sjå her:

fail kransekakestenger

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.