Eplegløgg

eplegløgg

Eplegløgg er varm og deilig krydra kosedrikk som er fint å servere til både små og store. Laga med mild eplejuice er denne barnevennleg, men likevel populær blant voksne med den deilige smaken og lukta av julekrydder.

Gløggen ser imponerande ut i gryta og du kan gjerne servere rett i frå den med ei ause -slik at gjestane får sjå kryddera og fruktskivene som lagar den gode smaken.

Kjøp med deg litt ekstra kanelstenger og anisstjerner, så kan du pynte kvar og ein av koppane med dette. Det blir litt ekstra stas!

gløgg

Eplegløgg til 4 personar:

  • 1 l eplejuice
  • 1 eple
  • 1 mandarin
  • 1 ts nellikspiker
  • 1 stjerneanis (+4 ekstra til pynt)
  • 1 kanelstang (+ 4 ekstra til pynt)
  • 1 klype salt
  • 2,5 cm ingefærrot

heimelaga gløggSlik gjer du:

  1. Ha eplejuicen i ei vid gryte og varm opp til det ryk.
  2. Vask eple og mandarin godt og del opp i skiver.
  3. Skrell ingefærrot og del i grove bitar.
  4. Ha alt i gryta med eplejuice og la trekke på låg varm ei 20-30 min.
  5. Servér rykande varm med kanelstang og stjerneanis til pynt i kvart glas.
20151107-DSC_0048

Har du ein gløggfavoritt eller kanskje ein spesiell gløgg som går igjen kvart år? Legg gjerne igjen ein kommentar, eller del med meg på instagram og snapchat: @kvardagsmat.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.