Glutenfrie pepperkaker

20151117-DSC_0065

Pepperkaker kan enkelt lagast glutenfritt utan at det går ut over smaken. Desse pepperkakene er sprø og gode, og smakar mint like godt som verdas beste pepperkaker. Deiga er best å kjevle ut og bake om den får kvile i kjøleskapet ei stund først, så du kan gjerne lage den kvelden før bakinga skal skje.

Før var det pepperkaker toppa med melis og non-stop som var min favoritt, men dei siste åra har det blitt blåmuggost, valnøtter og honning som fristar mest! Så godt! Anbefalast om du ikkje har testa enno:)20151117-DSC_0082

Glutenfrie pepperkaker:

  • 150 g sukker
  • 250 g lys sirup
  • 2 ts ingefær
  • 2 ts kanel
  • 2 ts nellik
  • 2 ts natron
  • 150 g smør
  • 1 egg
  • 500 g glutenfri fin kakemiks (eller anna mjøl) + litt ekstra til utbaking

 

20151117-DSC_0009

20151117-DSC_0016Slik gjer du:

  1. Bland saman sirup, krydder og sukker og gi det eit lett oppkok.
  2. Trekk vekk frå varmen og rør inn smøret til det har smelta.
  3. Bland inn natronen.
  4. La det avkjøle litt, slik at du kan ha i egget utan at det blir eggerøre.
  5. Elt i mjølet litt etter litt til du får ei fast fin deig.
  6. Pakk deiga inn i plast og legg den i kjøleskap i minst 1 time, gjerne over natta.
  7. Bruk mjøl på bordet når du kjevlar den ut, stikk ut pepperkakefigurar og legg dei på bakepapirkledd steikebrett.
  8. Steik midt i omnen på 200 grader til dei er gylne i kanten, alt frå 5-10 min. Følg med.
  9. Avkjøl på rist.
  10. Oppbevar i kakeboks.
20151122-DSC_0020 glutenfrie pepperkaker

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.