Julegranola

20151123-DSC_0015Granola med smak av pepperkaker og jul! Genialt godt! Med deilig smak og lukt av kanel, ingefær og nellik i tillegg til dei gode nøttesmakane. Denne blandinga måtte lagast på nytt etter berre få dagar, og var så god at den blei godkjend som kveldssnack i sofakroken.

Denne gongen valde eg å bløytleggje alle frø og nøtter over natta for å fjerne fytinsyra og gjere dei lettare fordøyelege for magen. Fytinsyre er nøtter og frø sin måte å beskytte seg sjølv, eller kjernen sin på, og gjer at det blir vanskelegare for kroppen å ta opp alle dei gode næringsstoffa. For å fjerne eller redusere fytinsyren legg ein frøa i bløyt for så å tørke dei i steikeomn slik at dei ikkje myglar ved oppbevaring. Om du vil gjere det samme legg du berre alle frø og nøtter i vatn over natta. Så klemmer du dei godt i eit kjøkkenhåndkle for å få ut mest mogleg væske og tørkar dei i steikeomn på varmluft ca 120 grader til dei er tørre. Deretter er det berre å følgje oppskrifta nedanfor.

frukostblandingTil 2 steikebrett treng du:

  • 5 dl havregryn
  • 2 dl valnøtter/pekannøtter
  • 2 dl sesamfrø
  • 2 dl solsikkefrø
  • 2 dl rosiner
  • 2 dl kokosflak
  • 2-3 ss flytande honning
  • 2 dl eplejuice (eller vatn)
  • 1 klype salt
  • 1 ts kanel
  • 1 ts nellik
  • 1 ts ingefær

musliSlik gjer du:

  1. Set omnen på 150 grader varmluft.
  2. Bland alt saman, med unntak av kokosflaka, og spre utover to bakepapirkledde steikebrett.
  3. Set begge inn i omnen og rør innimellom.
  4. La steike i ca 60 min, følg med så det ikkje blir brent -senk eventuelt temperaturen til 120 grader.
  5. Avkjøl heilt og bland så inn kokosflaka.
  6. Oppbevar på tett boks eller glas.
granola julegranola

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.