Proteinrundstykker med gulrot

20151106-DSC_0078Proteinrundstykker med gulrot er ein vri på proteinrundstykka som har blitt populære både her i heimen og på bloggen, og det med god grunn. Å kunne røre saman deiga og slenge dei rett i omnen er jo gull når du treng brødmat ASAP, og når dei i tillegg smakar saftig og digg i tillegg blir dette ein vinnar.

Denne versjonen testa eg forrige veke då eg fekk ei god venninne på frukostbesøk, og mangla noko å servere. I løpet av ein halvtime var bordet dekka og nysteikte rundstykker komne på bordet. Og sånt blir det jo god stemning av!

20151106-DSC_0081Til 16 stk treng du:

  • 500 g (2 små boksar) cottage cheese
  • 500 g havregryn
  • 4 egg
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ts salt
  • 150 g gulrot
20151106-DSC_0057

20151106-DSC_0068Slik gjer du:

  1. Set omnen på 180 grader varmluft (eller 200 grader over- og undervarme).
  2. Skrell og riv gulrot på eit fint rivjarn.
  3. Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar (eller bruk ein blender).
  4. Vend inn havregryn og gulrot og klapp saman til ei jamn deig.
  5. Trill runde ballar, trykk litt flate og sett på bakepapirkledd steikebrett.
  6. Steik midt i omnen i 20 min, til rundstykka er gyldne.
  7. Avkjøl på rist.
20151106-DSC_0060

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.