Spagetti Carbonara

spaghetti carbonara

Spagetti Carbonara er middag laga i ein fei og fantastisk godt! Med krema saus med deilige baconbitar i passar denne like bra på ein kvardag som ein helgekveld du vil ha noko lett og godt på menyen.

Vil du ha litt variasjon kan du godt bruke squash i staden for spagetti/pasta slik som i denne retten.

Denne retten tyr eg ofte til når eg har lyst på rask og enkel middag. Alt er klart når pastaen er ferdigkokt, og dermed kan du setje middagen på bordet før det har gått 20 min!

spagetti carbonara

Spagetti Carbonara til 2 personar:

  • 1 liten løk
  • 150 g bacon
  • 2 eggeplommar
  • 2 dl kremfløte
  • en neve riven parmesan
  • Salt og peppar
  • 50-100 g grøne erter (gjerne frosne)
  • 200 g spagetti/pasta
  • Frisk persille (kan sløyfast)

carbonaraSlik gjer du:

  1. Kok opp ei stor kasserolle med vatn og litt salt. Kok pasta etter instruks på pakken.
  2. Del bacon i bitar og fres i ei steikepanne.
  3. Del løk i terningar og ha det i panna saman med baconet og baconfettet.
  4. Ha i ertene (gjerne frosne) og hell over kremfløyte.
  5. La det småputre nokre minutt og ta den vekk frå varmen rett før servering, når pastaen er klar.
  6. Rør inn eggeplommer og parmesan, krydre raust med salt og peppar.
carbonara

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.