Lasagne med laks og spinat

lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å bruke for mykje, den krympar veldig under steiking. I denne versjonen forkokar du lasagneplatene, sidan dei eigentleg treng lenger tid i omnen enn dei andre ingrediensane. På den måten slepp retten å stå så lenge i omnen og resultatet blir krema spinat og lasagneplater, med mjuke laksebitar innimellom. Mmmmm!

laks og spinat

Til omlag 4 personar treng du:

  • ca 400 g laks
  • 4-6 lasagneplater
  • ca 100 g spinat
  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ss maizena
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 vårløk
  • 2 nevar riven ost
  • salt og peppar
spinat og laks lasagne

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Kok opp ei stor kasserolle med vatn og litt salt. Ha i lasagneplatene og la dei trekke i 5-7 min.
  3. Skyl og tørk spinaten i ei salatslynge.
  4. Del laks i terningar på 2 x 2 cm.
  5. Finhakk kvitløk og vårløk.
  6. Legg laks, spinat, løk og halvkokte lasagneplater lagvis. Strø gjerne litt av osten over kvar av lasagneplatene, men spar det meste til topping.
  7. Rør ut maizena i kremfløyta, krydre med salt og peppar og hell over.
  8. Legg ost på toppen.
  9. Steik midt i omnen i ca 20 min, følg med på slutten så det ikkje blir brent på toppen.
  10. La gjerne kvile i 5-10 min, så er det klart for digg middag!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.