Pytt-i-panne med grillpølser

pytt i panne pølser

Kidsa fekk bestemme middag og ville ha steikte pølser og ris. Og det fekk dei! Sjølv om  panna også blei full av grønsaker og fine fargar. Dermed blei både born og vaksne nøgde og godt mette av middagen. Raskt, enkelt og med løk og gode smakar frå grønnsakene trengst det ikkje anna krydder enn salt og peppar. Mmmm….! Ekte kvardagsmiddag

pytt i panne pølser rotgrønsaker

Til 2-3 personar treng du:

  • 1 løk
  • 1 pastinakk
  • 1 persillerot
  • 1-2 gulrot
  • 1 raud paprika
  • 1 brokkoli-stilk
  • 6-8 grillpølser (eller andre pølser)
  • 1-2 ss smør el olje til steiking
  • salt og peppar
  • Kokt ris til (kan sløyfast)

pytt i panneSlik gjer du:

  1. Del pølsene i bitar, og steik dei på middels-høg varme slik at dei blir bruna. Ha over på ein tallerken og legg til side.
  2. Skrell og del alle grønsakene i grove bitar, løken i litt mindre bitar. (Du kan bruke heile brokkolien om du vil, men stilken smakar berre litt og er perfekt til denne panna.)
  3. Fres løken i panna til den blir blank, ha så i alle grønsakene utanom paprikaen.
  4. Fres grønsakene i 5-7 minutt, ha så over paprikaen og pølsene og steik vidare til alt er gjennomvarmt.
  5. Krydre raust med salt og peppar og servér med det same, gjerne med kokt ris til.

pytt i panne med grillpølser

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.