Asiatiske risnudlar med grønsaker

asiatisk risnuddel med grønsaker Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker.

Sunt, godt og kjapt å lage! Eg gler meg over at den «magiske» ingrediensen sesamolje er å finne i dei fleste daglegvarebutikkar no. Den er heilt essensiell for å få denne smaken av Kina som vi er ute etter.

Kjøp den med deg heim neste gong du er i butikken, saman med risnudlar og servér denne digge retten.

nuddelwokTil 2 porsjonar asiatiske risnudlar med grønsaker:

  • 200 g risnudlar
  • 1 liten løk
  • 1 gulrot
  • 1/2 boks vannkastanjer
  • 1/2 raud chili
  • 1 tommelfinger-stor frisk ingefær
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 sjampinjong
  • 2-3 blad grønnkål
  • 2 ss nøytral olje til steiking

Saus:

  • 1 ts maizenna
  • 2 ts kaldt vatn
  • 3 ts soyasaus
  • 2 ts honning
  • 2 ts sesamolje
  • litt salt og peppar

Topping:

  • Cashewnøtter
  • Lime
  • Friske urter (koriander eller mynte)

chinese rice noodlesasiatiske nuddelSlik gjer du:

  1. Kok opp ei stor gryte med vatn, skru ned varmen og legg risnudlane i. La dei trekke til dei er mjuke, 7-10 min.
  2. Rør ut maizenna i kaldt vatn og rør inn resten av ingrediensane til sausen.
  3. Del løk, gulrot og sjampinjong i bitar. Vask grønnkålen godt og riv i mindre bitar.
  4. Skrell og finhakk ingefær, kvitløk og chili.
  5. Ha litt olje i ei wokpanne eller stor gryte, og fres løken til den er blank.
  6. Ha i ingefær, chili og kvitløk og la frese med i 1 minutt.
  7. Ha i gulrot og vannkastanjer, og så grønnkål og sjampinjong til slutt.
  8. La risnudlane renne av seg i eit dørslag og ha dei i gryta/woken.
  9. Hell over sausen og bland godt.
  10. Servér med cashewnøtter, friske urter og ein raus skvis med lime.
asiatisk wok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.