Det beste frå oktober

Oktober er over, og vi er i gong med årets nest siste månad. I løpet av denne månaden har eg fått brukt mykje tid på kjøkkenet, og nokre av det beste er delt med dykk her på bloggen. Her får de nokre av høgdepunkta frå månaden som er gått, så håper eg akkurat du blir inspirert til å gå i gong på kjøkkenet og lage ekte heimelaga mat:)

Klikk på bileta eller teksten under for å kome til oppskrifta.

norske epler

Eplekake måtte sjølvsagt lagast når dei norske epla kom i butikk. Utan bruk av mjøl er denne kaka naturleg glutenfri med herleg smak av mandel.

hjemmelagde fiskepinner corn flakes

Heimelaga fiskepinnar er enkelt å lage og så godt i smak hjå kidsa at vi har hatt det på menyen fleire gongar denne månaden! Prøv du også, så får du sjå:)

brød

Grovt langpannebrød blei ein hit både hjå dykk lesarar og her i heimen. Supert brød å ha med i nistepakken.

lammegryte med rotgrønsaker

Lammegryte med rotgrønsaker er ei herleg smakfull gryte der ein får med både lam og rotgrønsaker som er i sesong no.

makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng var den absolutt mest populære oppskrifta denne månaden, og passar perfekt til småbarnsfamiliar.

daimiskake med marengsbotn

Daimiskake med marengsbotn er nydeleg god med karamellsmaken frå Daim og knasande botn. Ekstra fin til kakebordet er den også!

hjortegryte

Hjortegryte med haustens mest kortreiste kjøt og sjølvplukka tyttebær og sopp smakar nydeleg, og gjev fantastisk restemat dagen etter.

rå snickers

Rå snickers blei ein super-hit på instagram og snapchat (kvardagsmat), og dermed fekk alle der oppskrifta før den kom på bloggen. Følg gjerne du også!:)

kylling nuggets

Tortilla med kyllingnuggets kan kanskje bli den nye fredagshitten til fleire enn oss? Crunchy og lett å like for små og store.

rocky road konfekt

Rocky Road Fudge med marispan og pistasjenøtter er konfekten som eg eigentleg skulle dele med dykk i desember….men som måtte kome på bloggen allereie til Halloween etter å ha posta for mange bileter av den på instagram. Sjukt god!

Har du testa nokon av oppskriftene? Gi meg gjerne ei tilbakemelding på korleis det gjekk, det er alltid kjekt å høyre!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.