Rocky road fudge med marsipan og pistasjenøtter

rocky road konfekt

Rocky Road Fudge har blitt ein stor suksess her i heimen, og vi eksperimenterar med nye versjonar jamt. Denne gongen er det pistasjenøtter og marsipan som har fått vere med, og resultatet blei knallgodt!

Eg anbefalar at du deler ut raust til alle rundt deg, viss ikkje er det stor fare for at du endar opp med å ete alt sjølv. Denne anbefalinga kjem både frå meg og frå Lene bak bloggen House of Treats som freista meg første gong vi laga denne deilige konfekten.

Eg tippar du blir ganske så hekta du óg, så det er berre å gå i gong. Bruk den forma du har, og så deler du opp i passe bitar ut i frå kor tjukk fudgen blir.

sjokoladefudge

Til ei form på omlag 15 x 25 cm treng du:

  • 1 boks (ca 400 g) søt kondensert mjølk (Ikkje Vikingmjølk! bilete her)
  • 2 ss smør
  • 1 ts vaniljesukker (eller 2 ts vaniljeekstrakt)
  • 350 g mørk sjokolade
  • 100 g marsipan
  • 70 g pistasjenøtter
  • 100 g valnøtter
  • 100 g mini-marshmallows
rocky road fudge rocky road sjokolade

rocky road dessertSlik gjer du:

  1. Kle ei form (ca 15 x 25 cm) med bakepapir, dess mindre form dess høgare blir fudgen.
  2. Kok opp vatn i ei lita kasserolle, skru ned varmen og sett ein glas/metall-bolle over som toler varme. Pass på at vatnet ikkje er i kontakt med undersida av bollen.
  3. Ha i søt kondensert mjølk og smør. Rør til smøret er smelta.
  4. Grovhakk sjokoladen og ha den i saman med vaniljen. Rør til all sjokoladen er smelta.
  5. Grovhakk valnøttene og pistasjenøttene og vend desse inn.
  6. Del opp marsipanen i like store bitar som mini-marshmallowsane og vend begge deler in.
  7. Ha blandinga over i forma og set til kjøling i 3-4 timar før du deler opp i mindre bitar.
  8. Nyyyyyt.
rockyroadfudge

TIPS: Fudge kan fint frysast i ei heil blokk, og delast opp ved servering. Utan frysing held den seg i allefall ei veke i kjøleskap. Lenger enn det har den ikkje fått overleve heime hjå oss;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.