Innbakte pølser

pølser innbakt bursdagInnbakte pølser er ein fin vri på vanleg pølse med brød, og er litt ekstra stas å ete. Eg passar alltid på å lage nokre snurrar utan pølse inni, og nokre «lause» pølser, sidan det sjeldan slår feil at nokon berre vil ha det eine eller det andre. Dei innbakte pølsene held seg varme lenge, og toler godt å stå på eit festbord ei stund etter at dei har komt ut av omnen. Servér saman med eigne små skåler med ketchup (og sennep) som gjestane kan dyppe pølsa i.

pølser bursdagTil 12 stk treng du:

  • 12 grillpølser
  • 1,5 dl vatn
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 2 ss oliven- eller rapsolje
  • ½ pk tørrgjær
  • 400-500 g kveitemjøl

innbakt pølse Slik gjer du:

  1. Bland saman varmt vatn med kald mjølk, slik at det blir lunka.
  2. Ha i 400 g av kveitemjølet og dei andre ingrediensane og elt i kjøkkenmaskin i 10 min.
  3. Dekk bollen med lokk eller plast og la heve til dobbel storleik.
  4. Ha deiga over på mjøla bakebord og del opp i 12 emner.
  5. Bruk så mykje mjøl du treng for at deiga ikkje skal vere for klissetet, jo mindre jo bedre resultat.
  6. Trill pølser og tvinn desse rundt grillpølsene.
  7. Legg over på bakepapirkledd steikebrett og legg eit klede over.
  8. La etterheve i 20-30 min.
  9. Steik på 225 grader i 15-20 min, til brøda er gylne.
  10. Servér med ei lita skål ketchup som ein kan dyppe pølsa i.
innbakte pølser

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.