Lammesteik i surmelk

lammestekDenne lammesteika hadde vi til middag sist helg, med stor suksess. Eg tok meg ein tur på biblioteket og blada i mange fine og rare kokebøker og kom over lammesteik og surmjølk. Det hadde eg aldri høyrt om før, så det måtte vi teste! Steika blir lagt i surmjølk, og skal etter meir research gjerne ligge der i ei vekes tid før den skal inn i omnen. Den versjonen som eg fall for var i boka «Husmannskost» til Tom Victor Gausdal, der marineringa «berre» var over natta og kjøtet skulle trekke i kasserolla på omnen. Her får du min vri på oppskrifta, og resultatet fall i smak hjå gjestane. Mørt og smakfullt kjøt servert saman med fløtegratinerte poteter og sjysaus.

Når du skal rekne mengder kjøt er regelen 200 g per person når det er ei steik utan bein, og 250-300 g per person når det er lammelår med bein. Men ta gjerne i litt ekstra, her i huset blei det dessverre ingen restar å ete dagen etter;)

lammestek i surmelkTil 1 lammesteik treng du:

  • 1 lammesteik
  • 1 liter surmjølk (kulturmjølk/kefir)
  • 2 laurbærblad
  • 2-3 sjalottløk
  • 1 ss timian
  • salt og peppar
  • ca 1 l vatn

Saus:

  • ca 3 dl kraft
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1-2 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1 ts timian
  • litt sukkerkulør (kan sløyfast)
  • 1-2 ss maizena
  • 1/2 dl kaldt vatn

Servér gjerne med:

lam surmelkSlik gjer du:

  1. Skyl og tørk lammesteika med kjøkkenpapir.
  2. Legg lammesteika i ei stor gryte og hell surmjølka over. Legg på lokk og set i kjøleskap over natta.
  3. Skrell og del sjalottløk i grove bitar, legg dette i surmjølka saman med timian, salt og peppar.
  4. Set eit steiketermometer inn i tjukkaste delen av steika og fyll på med vatn til alt er dekka.
  5. Varm opp slik at det nesten kokar før du skrur ned temperaturen og let steika berre trekke på låg varme til steiketermometeret viser 65-70 grader. (Ca 2 timar).
  6. Løft steika ut av krafta og la den kvile i 30 min, før du deler opp i skiver. Blir steika kald før du skal servere den kan du pakke den i folie og varme den ei lita stund i steikeomnen.
  7. Sil krafta gjennom eit dørslag og kok gjerne inn krafta noko om du har tid.
  8. Mål opp ca 3 dl kraft i ei lita kasserolle, kok opp og rør inn balsamicoeddik, timian, salt og peppar.
  9. Rør ut maizena i det kalde vatnet og ha det i sausen.
  10. Set litt farge på sausen med sukkerkulør om du vil.
  11. Servér lammesteik saman med fløtegratinerte poteter, surkål, tyttebærsylte, kokt brokkoli og saus.
lammestek i surmjølk

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.