Heimelaga fiskepinnar

hjemmelagde fiskepinner med cornflakesFiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman med kidsa, og som lett kan lagast på ein vanleg onsdag.

I denne versjonen brukte vi cornflakes som vi knuste, og det blei knallgodt, men har du ikkje det kan du bruke knuste knekkebrød, brødsmular, griljarmjøl eller mjøl. Her er det berre fantasien og kjøkkenskapet som set grensene.

hjemmelagde fiskepinner med corn flakesTil 2-3 personar treng du:

  • 400 g fiskefilet av kvit fisk (eg brukar torsk eller sei)
  • 3-4 dl cornflakes
  • 1 egg
  • litt salt og peppar
  • 3-4 gulrøtter
  • smør og litt nøytral olje til steiking

heimelaga fiskepinnarhjemmelagde fiskepinnerSlik gjer du:

  1. Skjær vekk fiskebeina og del filetane i passe fiskepinne-bitar.
  2. Visp lett saman egget med salt og peppar i ei lita skål.
  3. Ha cornflakes i ein brødpose og knus dei med fingarne. Ha over i ei skål.
  4. Vend fiskebitane først i egget og så i knust cornflakes.
  5. Legg over på ein tallerken.
  6. Varm litt olje i ei steikepanne og ha i litt smør.
  7. Legg i fiskepinnane og steik på middels-høg varme, slik at dei blir godt bruna. Flytt minst mogleg på dei, slik at dei ikkje dett frå kvarandre. Når dei er godt bruna snur du dei rundt og steiker på andre sida.
  8. Riv gulrøttene og servér med det samme, gjerne med potetmos til.
hjemmelagde fiskepinner

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.