Enkel gresskarsuppe

graskarsuppe Halloween nærmar seg, og det betyr enorme mengder graskar i butikkane. Og graskar kan du absolutt nytte til andre ting enn Halloween-lykt. Denne suppa er enkel å lage og har nydeleg smak av muskat og kanel. Med kokosmjølk i blir den deilig krema og er skikkeleg god ein kald haustdag. Kjøp med deg eit graskar heim og kok suppe!

suppe

Enkel gresskarsuppe

Til 3-4 personar treng du:

  • 1 middels stort graskar (omlag 2 kg)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss olivenolje
  • ca 8 dl vatn + 2 buljongterningar (eg brukte grønsaksbuljong)
  • 250 ml kokosmjølk
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1/4 ts muskatnøtt
  • 1/4 ts kanel
gresskarsuppe

gresskarsuppeSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Del graskaret i to og bruk ei skei/is-skei og skrap ut det i midten.
  3. Del dei halve graskara i fire bitar og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett med skallet opp.
  4. Bak i omnen i 45-60 min, til du enkelt kan stikke ein gaffel gjennom skallet.
  5. La avkjøle i ti minutt før du dreg av skalet.
  6. Hakk løk og finhakk kvitløk og fres det i olivenolje på middels varme til løken har blitt blank.
  7. Ha i graskarkjøtet, vatn + buljong og krydderet og kok opp.
  8. Trekk til side, hell i kokosmjølka og kjør suppa glatt med ein stavmiksar.
  9. Varm suppa litt oppigjen om det trengst, og servér med ein gong.
  10. Velbekomme!
enkel gresskarsuppe

Oppskrift på Enkel gresskarsuppe

3-4 porsjonar / Tid: 90 min

  • 2 kg graskar (middels stort)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss olivenolje
  • ca 8 dl vatn + 2 buljongterningar
  • 250 ml kokosmjølk
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1/4 ts muskatnøtt
  • 1/4 ts kanel
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Del graskaret i to og bruk ei skei/is-skei og skrap ut det i midten.

  3. Del dei halve graskara i fire bitar og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett med skallet opp.

  4. Bak i omnen i 45-60 min, til du enkelt kan stikke ein gaffel gjennom skallet.

  5. La avkjøle i ti minutt før du dreg av skalet.

  6. Hakk løk og finhakk kvitløk og fres det i olivenolje på middels varme til løken har blitt blank.

  7. Ha i graskarkjøtet, vatn + buljong og krydderet og kok opp.

  8. Trekk til side, hell i kokosmjølka og kjør suppa glatt med ein stavmiksar.

  9. Varm suppa litt oppigjen om det trengst, og servér med ein gong.

  10. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.