Daimiskake med marengsbotn

Daimiskake med marengsbotn er laga med utgongspunkt i Iskake med Daim og Mokkaiskake med sjokolade og marengs. Tanken var å ta det beste frå begge kakene og kombinere det til ei særdeles god kake. Daim med sin karamell er nydeleg i iskremen og marengsen gir ei ekstra fin kake med ein herleg crisp. Kaka blei kjempe god!

daimiskake med marengs

Daimiskake med marengsbotn

Min eigentlege plan var å pynte med kaka med hakka Daim…men nokon (les: meg) hadde ete den opp ein sein kveld;) Men fortvil ikkje om du hamnar i samme situasjon, hakka kokesjokolade funka finfint! Har du ikkje balsamicoeddik på kjøkkenbenken kan du bruke kvitvinseddik, eddik eller sitronsaft i staden.

daimiskake

Iskaker er perfekte å lage på førehand og ha klar i frysaren når festligheitene nærmar seg. Å berre kunne ta med ei kake frå frysaren, utan å stresse dagen før er gull. Denne har gelatin i seg, slik at den skal halde seg ekstra godt når den står på eit kakebord. Utan å smelte vekk første minutta.

daimiskake med marengsbotn

 

Oppskrift på Daimiskake med marengsbotn

24 cm / 8-10 porsjonar / Tid: 30 min + 2 dagar avkjøling/frysing

Botn

  • 4 eggekviter
  • 175 g sukker
  • 1 ts balsamicoeddik
  • 1 ts maizena

Topp

  • 3 plater gelatin
  • 1 dl sterk kaffi
  • 4 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 dobbel Daim

Pynt

  • 50 g hakka sjokolade (eller Daim)
  1. Botn:
    Set omnen på 150 grader over- og undervarme.
    Dekk ei rund kakeform med bakepapir i botn.
    Ha eggekviter og halvparten av sukkeret i ein heilt rein bolle og visp til det skummar.
    Ha i resten av sukkeret gradvis og visp til du har stiv marengs. Rør inn balsamico og sikt inn maizena.
    Ha marengsen over i kakeforma og dra marengsen oppover langs kantane, slik at den dekkjer kantane godt. Nesten som eit fuglereir.
    Steik midt i omnen i 1 time, skru så av omnen men la kaka stå og avkjøle i omnen over natta.
    Merknad: dersom du vil ha heilt tørr marengs kan du utvide steiketida til 2 timar før du let den avkjøle i omnen over natta.

  2. Topp:
    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 10 min. Knip ut vatnet og rør dei inn i kaffien til alt er oppløyst.
    Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Bland i kaffien. (Pass på at ikkje kaffien er for varm, og bland inn i ein tynn stråle.)
    Pisk kremfløyta til krem. Bland inn hakka Daim.
    Bland saman eggedosisen og kremen. Ha over i forma, dekk med plast og frys ned.

  3. Servering:
    Skjær rundt langs kanten, slik at kaka losnar frå forma.
    Fjern kakeringen.
    Hakk opp sjokolade og legg på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.