Smoothie-bowl med bringebær

smoothie-bowlSmoothie-bowl har blitt min absolutte frukostfavoritt denne hausten. Avokado, banan og kokosmjølk med ein herleg variasjon av det eg finn på butikken eller i frysaren.

Denne gongen er det bringebæra som har fått vere med og setje sitt preg på skåla, med sin nydelege smak. Banansmaken kan gjerne blir for dominerande i smoothie synest eg, men dersom bananen er frossen forsvinn litt av smaken frå den.

Smoothie-bowl kan fint lagast dagen før du skal ete den, så om du vil lage den klar kvelden før og dermed ha super-rask frukost om morgonen går dette fin-fint. Eg endar ofte opp med å ete berre halvparten og så setje resten i kjøleskapet til seinare på dagen eller til frukost dagen etter.

smoothie-bowl raspberryTil 1 stor porsjon smoothie-bowl med bringebær treng du:

  • 1 stor eller 2 små avokado
  • 1 banan (gjerne frossen)
  • 200 ml kokosmjølk
  • 1 dl vatn
  • 1 eggeplomme
  • 1 ts chiafrø
  • 10-12 store frosne bringebær

smoothie-bowl med bringebærSlik gjer du:

  1. Ha alt i ein blender unnateke vatnet og puls saman.
  2. Spe med så mykje vatn du treng.
  3. Servér med det samme, gjerne med frisk mynte på toppen.
frokost skål

TIPS: Eggekvita som du får til overs kan oppbevarast i kjøleskap i 4-5 dagar, eller så kan du fryse den. Eg samalar eggekvitene i ei lita boks i frysaren, gjerne 5-6 stykker i same, og nyttar dei til pavlova/marengs/kokosmakronar. Då tek du berre opp boksa frå frysaren og let dei tine over natta i kjøleskapet.


 

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat for meir matglede, matlaging og tips!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.